1300 bergenserar på feil fest
Samme dag som sykkel-VM blei avslutta med over 100 000 langs løypene i Bergen, forvilla over 1000 bergenserar seg inn på VIF-fest i Oslo.
Publisert 25/09/2017 av Berge.
Vi visste det allereie då vi sat på Scotsman og såg verdas beste syklistar sveitte runde etter runde i Nordens paradis: Vi hadde valgt feil fest. Eller: Nokon måtte jo vere der, representere Bergen i hovudstaden når resten av byen stod med kubjeller og flagg på Festplassen, men vi visste godt at Brann kom til å tape. Sportsklubben vinn ikkje fem kampar på rad, og stiller alltid villig opp for lag som treng sin første seier på ny stadion.
Det var med andre ord best å ta festen før kampen. Vi snakka oss varme om kor fantastisk gode Bergen er til å mobilisere når det gjeld, og skreik oss hese på Kristoff som spurta inn til gu … nei, sølv: “Obås! Obås!” Stolte og krye sang vi oss ut av Scotsman, oppover Karl Johan, inn på t-bana til Hasle, gav Oslo ein smakebit på kva dei kunne ha fått oppleve dersom dei hadde tatt turen til Bergen denne veka.
Søndagstillegg
Andre som er flinke til å mobilisere (spesielt når det er gode utsikter for søndagstillegg), er Oslo-politiet. Då vi ramla ut av t-banevogna på Hasle blei vi møtt av ein svartkledd gjeng med glitrande auge lysten på å arrestere bergenspakk. Dessverre oppførte vi oss eksemplarisk, toga til kultur- og idrettsparken medan vi lo av panserkjøretøya dei hadde stilt opp langs ruta, og sang om ressursbruken til Oslo politidistrikt.
Det kom også meldingar om at dei svartkledde hadde vore på oppdrag lenger vest i hovudstaden. Utanfor puben The Pub på Majorstuen hadde dei halde igjen 30 brannsupporterar som hadde gjort den store tabben å sjå sykkel-VM saman med tre “risikosupporterar” som blei taua inn. Det er sjølvsagt bra at politiet passar på at heimefans og gjestar er trygge før, under og etter kamp, men hendinga minner mistenkeleg om noko eg sjølv har opplevd fleire gonger: Politiet behandlar alle supporterar som éin juridisk kropp. Gjer éin noko gale, er det grunn til å halde igjen alle.
Nei til fragmentering!
Aller mest reagerer eg likevel på at Brann sin sikkerheitsansvarleg, Knut Iversen, i ettertid seier til BT at supporterane som blei halde igjen får takke seg sjølve: “Det satt folk der som resten av supporterne ikke behøvde å menge seg med”. For det første: Du er ikkje lommetjuv berre fordi du deler ein skillingsbolle med ein veskenappar. For det andre: Brann sin sikkerheitsstrategi bør ikkje vere fragmentering av supportermiljøet. Dersom vi “vanlege supporterar” (vi som er like interessert i å slåst som ein vegetarianar er i å ete middag på Big Horn Steak House) ikkje kan snakke med eller opphalde oss i samme rom så såkalte risikosupporterar utan å frykte at vi blir halde igjen av politiet, vil det føre til meir, ikkje mindre uro. Det er ikkje mange år sidan alle som gjekk med Brann-drakt risikerte å bli skjelt ut som “et jævla juletre” og alle som ikkje gjekk med drakt blei sett på som bråkmakarar. Ja, på det verste gjekk causuals fra Bergen til angrep på Brannsupporterar. Dei siste åra har i alle fall eg opplevd forholdet mellom dei ulike gruppene på Stadion som svært fredeleg, og eg er sikker på at den beste måten å halde det slik er at vi held fram med å snakke sammen i staden for å lage lister over folk det ikkje er lurt å drikke øl sammen med.
Bergen ut av Norge!
Då vi endeleg kom oss inn på det lekre ståfeltet Engen har sjenka bortesupporterane, var det likevel klart at dei fleste hadde fått lov til å komme inn på kampen. Klanen fyrte opp eit heftig bluss-show, vi mobba dei med at vi har hatt eigen stadion sidan 1919, og både raude og blå var einige: “Bergen ut av Norge!” Vi på nedre del ropte og sang det vi kunne, fekk bra trøkk på “Gi meg ein B”-ropa og “Vi har gress på Stadion …”, men sleit ellers litt med å få engasjert heile feltet. Trøkket som møtte oss fra motsatt sving var derimot solid stort sett gjennom heile kampen. Kanskje ikkje så rart: Allereie etter ni minutt fekk vi bekrefta frykten vår om at vår fest var i Bergen, ikkje på Valle. 1-0 til VIF.
Forsøk på festbrems
Nokre minutt ut i andre omgang var det vår tur til å rable gal. Skal det gå likevel? tenkte vi og la ein dobbel snus til ære for Fredrik Haugen sin skuddfot. Sportsklubben fortsatte å produsere halvsjansar, og kunne med større presisjon tatt leiinga, men i staden konkurrerte Jonsson, Gilli og Heltne-Nilsen om å vere dagens mest ubesluttsomme Brann-spelar. Upressa sette Chidera Ejuke inn 2-1 til Engen. Sukk. Vi visste det jo: Fem på rad ville ha vore for godt til å vere sant, og å slå VIF når dei trengte poeng i bunnstriden villa ha passa dårleg med Brann sin profil som dei hjelpelause sin hjelpar.
Det var med andre ord ingen sønderknust gjeng som vandra ut fra Vålerengen kulturpark. Vi trøsta oss med tabellen, at det er sykkel-VM, ikkje VIF – Brann australske og slovakiske aviser kjem til å skrive om i morgon, og at det på fredag igjen er Bergen sin tur til å arrangere fest. Då er det berre å ta med seg stemninga fra Fløyen opp til Idrettsveien. Det vil seie: Kubjellene og dei norske flagga legg du sjølvsagt igjen heime.