29. juni 2020
Er framleis fortvila over måten Sportsklubben hamna bakpå etter å ha spelt ei strålande opning mot Rosenborg. Gode relasjonar mellom dei tre på topp i dei første kampane, har gitt meg trua på ei reel endring i spelestil, men så var plutseleg alt ved det vante igjen. Om det finst lyspunkt, må det vere at Brann framleis […]
Publisert 29/06/2020 av Berge.
Er framleis fortvila over måten Sportsklubben hamna bakpå etter å ha spelt ei strålande opning mot Rosenborg. Gode relasjonar mellom dei tre på topp i dei første kampane, har gitt meg trua på ei reel endring i spelestil, men så var plutseleg alt ved det vante igjen. Om det finst lyspunkt, må det vere at Brann framleis engasjerer. Både Pensjonisten og eg raste framfor TV-skjermen, og Brann-twitter kokte av frustrasjon i timane etter kampslutt.
Synest forresten Ole Martin Kolskogen får altfor lite ros av både BA og BT. Spesielt på slutten av kampen, redda han lagkameratane igjen og igjen.