Sarpsborg – Brann 1-1
Hver gang vi møtes, tar vi poeng …
Publisert 26/06/2017 av Berge.
Dei siste 15-20 åra har eit nytt sosialt fenomen dukka opp i Oslo-området: Fire-fem søndagar i året møtest ca. 40 menneske i ulike aldrar og fra ulike sosiale lag for å kjøre buss rundt omkring på austlandet. Undervegs stoppar gjengen på pubar og vegkroer for å synge, danse og protestere mot det sosialdemokratiske forbrukarsamfunnet sine forsøk på å utrydde spontanitet, livsglede og store følelsar.
Det einaste desse menneska (eller vi, då – for eg er med på dette) har til felles, er at vi heiar på Sportsklubben Brann.
Fiasco
Søndag var det igjen tid for tur. Denne gangen til Sarpsborg. Allereie i tolvtida rusla vi forventlingsfulle inn på Fiasco, skjenkestova i skyggen av Oslo Plaza som vart stampuben vår i perioden Roald Bruun-Hanssen styrte Brann-skuta mot nettopp nederleg på nederlag. Før fekk vi ofte høre «Ja, de har nå valgt rett pub, dissse bergenserene», men no er det heldigvis nye tider. Vi skåla og klemte, kikka på tabellen. Det er trass alt ikkje kvar søndag Brann er serieleiar.
Cupfinalemysteriet
På plass i bussen var det som vanleg fyr og sang. Vi gleda oss til Europa League og brølte «Vi skal på fest i Budapest! Vi skal på fest i Budapest! Viii skaaal på fest i Budapest», og då vi passerte Råde kommune, gaula vi den klassiske protestsangen «Råde, Råde, é dårlig på bilbiotek!».
Eit rykte gjekk gjennom bussen:
– Per Egil Ahlsen kjem innom puben i Saprsborg for å helse på oss.
Elvis og Fredriksen begynte straks å mimre om skuddfoten og sekstimeterspassningane til Ahlsen.
– Husker dere forresten cupfinalen i -87? Brann var sikker på at dommeren hadde blåst, og så scora Bryne. Vi må spørre Alhlsen om det der. Hva var det som egentlig skjedde?
Raymond fiksar festen
Men Per Egil Ahlsen dukka ikkje opp på puben i Sarpsborg. Det gjorde derimot Raymond Kvisvik, og Kvisvik ringte Azar Karadas som kunne fortelle at bussen med Brann-spelarane straks kom til å passere oss. Fyrebuss-gjengen greip sjansen til å spre spontan livsglede og storma opp til vegen får å vente på serieleiarane. Det tok si tid.
– Raymond, har du lurt oss?
Først då eg gav opp og ville tilbake til ølen min kom spelarbussen. Krysset kokte: «Vi é berømte Brann fra Bergen!». Før vi rakk å synge ferdig hadde bussen passert. Det heile minna meg litt om den gongen vi såg ei Tour de France-etappe i Colmar. Vi venta og venta, og så svisj hadde syklistane passert.
Tilbake på puben kjørte vi i gang vekselrop mellom borda – «Vi é Brann serieleder! / SK Brann serieleder!» – medan vi framleis hadde sjansen. Så marsjerte vi inn i bussen full av håp om at synet av 40 smørblide Brann-disiplar i vegkanten hadde gitt Lars Arne Nilsen lyst på tre poeng.
Motvind
Sarpsborg har gjort det dei kan for å ødelegge for bortesupporterane: På den langstrakte tribunen uten tak forsvinn sangane med vinden. Vind var det forresten nok av. Motvind. Sarpsborg herja med Sportsklubben som låg kompakt i ramma, og uten Barmen på bana var det ingen som kunne halde på ballen slik at Brann fekk flytta opp laget.
På tribunen kunne du høre variantar av den same setninga igjen og igjen:
– Dette går ikkje!
Gode lag på dårlege dagar …
I Skien kunne Brann trygt legge seg bakpå fordi ODD ikkje har evna til å spele seg gjennom ein forsvarsmur. Sarpsborg derimot har nok av kompetanse på nettopp det. Etter 22 minutt smuldra ramma opp og 1-0 var ein realitet. På bortefeltet håpa vi på at målet ville føre til høgare Brann-press, men Sarpsborg var rett og slett for gode. Heldigvis har vi Piotr, Acosta og Wormgoor. Verdens beste keeper serverte reaksjonsreddningar det lukta gull av både med handskane og skoa, Acosta rydda vekk den eine Sarpsborg-spelarane etter den andre som hadde klart å komme seg inn i feltet ved hjelp av lekkert klikk-klakk-spel, og Kaptein-Vito stanga inn 1-1. Lite smakar så godt som ei ufortent scoring med få minutt igjen. Rundt meg ramla medsupporterar som dominobrikker. P. låg langstrakt på setene bak meg og glisa med tårer i augene.
Letta pakka vi ned det eine poenget og sette kursen mot Fyrebussen igjen, med eit gammalt jungelord i tankane: Gode lag tar poeng på dårlege dagar.
Politieskorte
Inne i bussen fekk vi vite at eit par i gjengen hadde blitt henta av svartemarja utan at nokon kunne gi ei god forklaring på kvifor. Eit passe stort sprell må det ha vore, for då vi trilla ut fra stadionområdet var det med politibil både framfor og bak bussen. Nøyaktig kva ordensmakta frykta at vi skulle finne på er eg framleis litt usikker på. Kanskje var dei redde for at vi skulle stoppe ved Råde bibliotek og synge, eller så var dei berre ute etter søndagstillegget.
Vi var uansett glade for selskapet, og for at Brann er ferdig med alle dei verste bortekampane. Litt etter litt sovna den eine supporteren etter andre på setene rundt meg, medan eg og M. satt igjen og nynna på ein variant av ein av Gitarkameratene sine gamle slagerar:
– Hver gang vi møtes, tar vi poeng / Vi é venner for livet, sånne é gode å ha!