Inn i bobla
Tai Chi og psykoterapi i Køben.
Publisert 28/02/2017 av Berge.
– Dere har tatt tingene mine! Dere har tatt tingene mine!
Klokka er fem natt til laurdag i København. Ein svær danske står og dyttar kompisen min i brystkassa. Vi var på veg heim til hotellet då mannen hoppa fram frå bak eit hushjørne ved Hovedbanegården, kasta kaffi på meg og begynte å gjenta at vi hadde tatt tinga hans. Eg la på sprang, men kompisen min viste seg å vere av typen som blir og tar kampen.
Bobla
22 timar tidlegare sat eg på toget frå Hokksund til Gardermoen og kjende at eg var på veg inn i «bobla». Når toppidrettsutøvarar snakkar om at dei skal «inn i bobla», veit eg nemleg nøyaktig kva dei snakkar om. Skal du prestere som brannsupporter må du vere i bobla. Skal du prestere som brannsupporter – feire livet i København frå fredag til søndag medan du syng Brann- og Bergenssviser – kan du ikkje tenke på kva andre tenker om deg. Du kan heller ikkje tenke på jobben og familien. Slik idrettsutøvarane held seg unna alle andre enn støtteapparatet under eit mesterskap, bør du ikkje møte nokon du kjenner.
Det gjeld med andre ord å bli verande i bobla. Då eg kom til København fann eg derfor straks to andre raude disiplar som også var i den rette stemninga og gjekk på Victoria.
Sloop Johnn B
Resten av dagen gjekk slik dagar før bortekamp i Europa gjerne går: Vi åt kengurubiff med krokodillebacon og laga minst éin ny sang ingen kom til å hugse teksten på dagen etter. Utpå kvelden gjekk det eit rykte om at ein bataljon hadde samla seg på ein engelsk pub ved Tivoli og at puben hadde piano man. Ryktet visste seg å stemme, og vi kjørte oss opp med evergreens og bergensviser, «Hey Baby» og «Det ligner ingen bergensgutt å være mutt».
Alt var med andre ord topp, bortsett frå at pianomannen (som ikkje var ein piano man, men ein guitar man, når eg tenker meg om), nekta å spele«Sloop John B». Det vil seie: B. prøvde å betale 100 kroner for å få ønsket sitt oppfylt, og M. foreslo at han kunne synge og spele sangen sjølv dersom det var slik at gitarmannen ikkje hadde Beach Boys på repertoaret. Men gitarmannen nekta – heilt til eg kom på at vi jo kunne spørre han om han ville spele «Sloop John B» uten å tilby verken pengar eller å la M. overta scena. Det kunne han. Taket letta og den stakkars gitarmannen sine forsøk på mumlesynge «We come on the Sloop John B» blei straks overdøva av «Fra Nymark til Laksevåg».
Get into a fight
Den engelske puben var i bobla. 40-50-60 bergensarar var klare for kamp. Ja, det beste ville vere om Malmö – Brann starta no, her i Køben, klokka tre om natta, ikkje tolv timar seinare på andre sida av Broen.
Og når vi først er inne på Broen:
– E’kkje det Saga Norén som sittar i baren der?
– Jo!
– Kom igjen og syng med då! Ikkje stå og snakk!
– Slapp litt av, då … Saga Norén é i baren …
– Drit i Saga Norén! Syng!
– Fra Nymark til Laksevåg / Fra Nordnes til Loddefjord torg / Hele Bergen vet at gullet skal hem / Drinking all night / Got into a fight / Well I feel so broke up / I want to go home.
Og der gjekk vi – “Geir Hasund! Geir Hasund! Geir Hasund!” – då ein svær danske hoppa fram frå eit smug og ville slåst. Eg stoppa femten meter unna dei, den kampklare kompisen min og dansken som påstod at vi skulle få svi fordi vi liksom hadde tatt tinga hans. Brått tok kompisen min eit steg tilbake. Mannen følgde etter for å ikkje la motstandaren sleppe unna, men såg ikkje foten kameraten min hadde strekt ut. Sekundet etter låg den aggressive dansken i bakken med kompisen min over seg.
– Gir du deg?! Vi har ikkje tatt noko som helst. Det veit du. Du vil berre sloss for å glømme kor vondt du har det. Du er lei deg, det er du er. Du er trist. Forstår du hva jeg siger?
Mannen begynte å hulke, og kameraten min hjalp han på beina, klemte han hardt og kjørte på med psykoterapien sin: «Du har det vondt!», «Du vil eigentleg ikkje slåst, sant?»,«Fortell meg kva som har skjedd med deg …», osb., medan den aggresive dansken gjekk stadig meir i oppløysing, og til slutt fortalde den triste livshistoria si.
Det unemnelege
På veg til hotellet skjelte eg ut kameraten min. Sjølv om både Tai Chi-triksa og psykoterapien hadde fungert, kunne det like gjerne ha gått gale.
– Han kunne hatt kniv!
– Slapp av, eg hadde full kontroll. Ka det é du é så sur for?
Eg måtte stille meg sjølv det same spørsmålet. Kvifor var eg sur når dei siste 24 timane hadde vore så bra? Var det fordi bobla sprakk då ein dobbelt så høg fyr hoppa fram frå eit smug og kasta kaffien sin på meg? Kanskje. Det hjelpte heller ikkje på stemninga at den aggressive dansken begynte å grine og fortelje om kor kjiipt han hadde det her på jorda. Likevel var det nok noko anna som plaga meg meir, uten at eg heilt hadde formulert det for meg sjølv. I løpet av kvelden hadde fleire snakka om det, men eg hadde vore for opptatt av å synge til å verkeleg ta det innover meg. Først då eg endeleg låg i senga gjekk det opp for meg kva dei hadde snakka om. Eg sette meg brått opp og utstøtte eit lite klynk idet eg innsåg realitetane: Bård Finne har signert for Vålerengen.