6. august 2017
Aalesund – Brann 3-3. Nok ein uavgjort som følest som eit tap. Nok eit overtidsmål imot. Men denne gangen var det ikkje Brann-spelarane si skuld. Dei spelte ein god bortekamp, og hadde vunne med minst eit par mål hadde det ikkje vore for at dommaren gav Aafk to meiningslause straffer. For første gong sidan serieopninga […]
Publisert 06/08/2017 av Berge.
Aalesund – Brann 3-3. Nok ein uavgjort som følest som eit tap. Nok eit overtidsmål imot. Men denne gangen var det ikkje Brann-spelarane si skuld. Dei spelte ein god bortekamp, og hadde vunne med minst eit par mål hadde det ikkje vore for at dommaren gav Aafk to meiningslause straffer.
For første gong sidan serieopninga var eg ikkje på plass på bortefeltet. I staden såg eg kampen heime, først liggande på sofaen med ein øl på magen, i andre omgang ståande framfor tv-en medan eg skreik lydlaust til Trygve Kjensli for å ikkje vekke toåringen.