Fire nervøse minutt
Melding fra Fredriksen 35 minutt ut i andre omgang mellom Brann og Sogndal 9. august 2017: Denne kampen bør helst ikke være spennende når vi kommer til det 90. minutt ...
Publisert 11/09/2017 av Berge.
87, 88, 89. Pulsen steig for kvar gong klokka på storskjermen viste at eit nytt minutt var passert og at overtida nærma seg. Medan vi på Store stå skreik oss hese i raseri over at dommaren ikkje fekk med seg at Skaanes blei trakka på, begynte fleire på radene bak oss å gå heim. Heilt utruleg, tenkte eg, veit dei ikkje at det er no kampen begynner? 89:57. 89:58. 89:59. 90:00. Eg kaldsveitta. Brann leia 2-1 mot Sogndal på Stadion. Vega hadde scora framfor oss på Store stå, Sogndal hadde utlikna etter frykteleg forsvarspel, og Barmen hadde knea inn 2-1, men det var no kampen verkeleg begynte.
Lange ballar på Ramsland
Sogndal hadde tidleg fått kampen inn i sitt spor: Lange ballar og duell på duell. Slik også på overtid. Framfor oss blei ein lang ball spelt fram mot Ramsland, men Wormgoor sneik seg framfor spissen og Piotr var på hugget, la seg over ballen, klappa på ballen, kosa med ballen. I nokre sekund kunne vi trekke pusten, før ein ny lang Sogndal-ball var på veg inn i feltet. Nei! tenkte meg, men også denne gongen hamna ballen i armane til Piotr som la seg ned og kjende lenge på kor godt det er å halde ballen mot brystet.
Det neste utsepelet enda med kast til Brann langt inne på Sogndal sin halvdel. No var det Gilli sin tur til å hale ut tida. Tilsynelatande rådvill vandra færøyingen opp og ned langs sidelinja og kjefta på lagkameratane som ikkje gjorde seg tilgjengelege. Dommaren ba han skunde seg, men han hadde jo ingen å kaste til …
Situasjonen enda til slutt med at Orlov ikkje klarte å ta imot, og utspel fra keeper. Eg kjende i heile kroppen at det var no det skulle skje. No kom alt til å rakne, tre poeng til å bli eitt, Sogndal til å score med ein lang ball mot Ramsland. Det var derfor like før eg sank saman då Nystemten blei starta. Det hender jo at vi syng Nystemten på slutten av kampar der vi er sikre på seier, på 3-1 og 4-0, men ikkje på 2-1 mot Sogndal i ein kamp der forsvarsspelet i periodar har vore krise, i ein sesong der vi har tapt minst hundre poeng på overtid.
– Det er for tidlig, mumla eg.
– Det er skandale, konstaterte far min. – No scorar dei i alle fall!
Lange ballar på Wæhler
Ingen rundt meg hadde fått med seg kor mykje som var lagt til, ingen visste kor mykje tid som hadde gått. Klokka på skjermen stoppa på 90 minutt. Dommaren som hadde brukt heile kampen til å vise fram kor høg lyd han klarte å lage med fløyta si, vegra seg plutseleg for å blåse for siste gong.
Sogndal heldt fram med å pumpe lange ballar inn i feltet. No med Kjetil Wæhler som spiss. Først var ville klareringar det beste Brann klarte å få til, men så tok Kasper Skaanes grep, sette fart, sentra til Gilli. Eg tenkte at no må det då vere gjort, men i samme sekund gav Rólantsson fra seg ballen til ein Sogndal-spelar. Færøyingen prøvde desperat å rette opp tabben uten å få det til. Vi gaula «Heia Brann!» alt vi kunne, såg Lars Arne Nilsen sin raude armé etablere ramma, såg Sogndal-spelarane leite febrilsk etter eit hol i veggen. Lang ball mot Wæhler.
Kokalele!
Medan ballen var i lufta såg eg for meg korleis kula kom til å treffe panna til den gamle VIF-stopparen og suse inn i motsatt hjørne, men kroppen til Wæhler orka ikkje meir, kom seg ikkje opp, gjekk i bakken. Ny vill klarering. Ny lang ball mot Wæhler som denne gongen stod plassert utanfor sekstenmeteren. Rimeleg ufarleg med andre ord, hadde det ikkje vore for at Sivert Heltne Nilsen slang hjarte opp i halsen på meg ved å legge ein lett arm på Wæhler som igjen gjekk i bakken. Eg snudde meg vekk i raseri over at Nilsen aldri klarar å halde armane sine unna motseplarane, alltid må lage unødvendige frispark, men då eg snudd meg igjen, var det Nilsen som låg og vrei seg i smerte og Brann som hadde fått frispark. Piotr luska fram for å ta det, sparka ut, og så, endeleg, blas dommaren av kampen. Kokalele!