25. juni 2020
Aalesund – Brann 25. juni 2020 blei ein typisk TV-kamp av typen eg frykta før sesongen.
Publisert 25/06/2020 av Berge.
Aalesund – Brann endte 2–2. Gårsdagens kamp var årets første med heile Berge-familien samla, men det blei likevel ein TV-kamp av typen eg frykta før sesongen: Tekniske problem med Eurosport før kamp (kokte godt, men ikkje på den rette måten), solslappe vestlendingar i sofaen, trøtte ungar, tannpuss og legging midt i andre omgang. Det samla lydbilde i store deler av kampen: Sutrande baby, snorkande familiemedlemmer, Paw Patrol fra ein I-pad, og uengasjerande kommentatorlyd.
Nokre høgdepunkt var det likevel:
12. minutt: Femåringen klikker i vinkel over holding i feltet. «Det er ikke lov! Det er farlig!». Lovar godt for framtida.
20. minutt: Femåringen prøver å få avklart ein gong for alle om Bergen er i Norge, eller ikkje. Pensjonisten og eg gir eit mest mogleg forvirrande svar utan å lyge.
41. minutt: Femåringen fortel at kosedyret hennar heier på Viking, fordi Berisha speler der. Ser forventningsfult på meg. Kor sint kan eg få han?-blikket. Pling på TV-en: Berisha har scora for Viking. Vi ler det bort (innbitt).
53. minutt: Petter Strand med eit strålande innlegg til Bamba som endeleg fullfører eit løp på bakarste stolpe. Den fem månader gamle potensielle Mjøndalen-supporteren i leikegrinda, ler høgt når eg og bestefar hoppar opp og dansar ein improvisert La la la Bamba-dans.
59. minutt: Meir Bamba-dans med innlagt «la la la Barmen!» til ære for ei nydeleg heading over stopparane til Aalesund og rett i beina til Bamba.
7 poeng på dei første tre kampane, lovar godt for resten av sesongen. Angrepsspelet er på bedringens vei. No gjeld det berre å få Kolskogen og Forren klare til å halde i 90 minutt, og få på plass ei velfungerande koronavaksine. Det kan då ikkje vere for mykje å forlange av Lars Arne Nilsen?