27. mars
Då har eg endeleg fått fiksa alle turane til og med 16. mai-kampen. Å vere brannsupporter er ikkje ein livsstil, det er logistikk. For det første må du passe på å ha rikeleg meg eigenmeldingsdagar til gode — eller jobbe 50%. Vidare må du klarere med heimen at kampane du skal reise på ikkje overlappar med bryllup i svigerfamilien. Det som tek mest tid er likevel å samkjøre med andre som skal reise, slik at de tek same tog og har sete i same vogn, eller slik at bilen som kjører fra Bergen til Kristiansund er i Ålesund nøyaktig når flyet ditt frå Gardermoen landar på Vigra. Det tok si tid, men no skal alt vere på stell. Let the games begin!
Publisert 28/03/2017 av Berge. Emne: Eliteserien
Har organisert alle turane fram til og med 16. mai-kampen. Å vere brannsupporter er ikkje ein livsstil, det er logistikk. For det første må du passe på å ha rikeleg meg eigenmeldingsdagar til gode — eller jobbe 50%. Vidare må du klarere med heimen at kampane du skal reise på ikkje overlappar med bryllup i svigerfamilien. Det som tek mest tid er likevel å samkjøre med andre som skal reise, slik at de tek same tog og har sete i same vogn, eller slik at bilen som kjører fra Bergen til Kristiansund er i Ålesund nøyaktig når flyet ditt frå Gardermoen landar på Vigra.