Brann – Stabæk 5-0
Stadion é tom, men alle ska på fest i Budapest!
Publisert 20/06/2017 av Berge.
BUNK. Flyet landa med eit hardt dunk på Flesland. Det var ei av dei hardaste landingane eg har vore med på, og eg begynte sjølvsagt straks å tenke på kampen. Eg såg for meg Piotr sleppe ballen mellom beina for å senke marknadsverdien sin. Såg Vega drible seg sjølv svimmel. Såg Ohi score igjen og igjen og igjen.
Jinx
Kvelden før hadde eg i glede over at Brann kunne ta over tabelltoppen med seier over Stabæk, lagt ut ei takkemelding på Facebook til Sandefjord, Haugesund og VIF-Døvle (den einaste dommaren som hatar RBK like mykje som oss), og avslutta med eit sjølvsikkert: I morgon tar vi over tabelltoppen. Snakkast på Stadion, Bergen!
Elvis blei rasande: Må du jaggu meg slutte med det positivitetspreiket ditt! Her er det jinxing opp og i mente! Skulle tru det var NFF som har hacka kontoen din.
Han har rett! innsåg eg idet flyet brått bremsa opp og svingte inn til terminalen. Eg har øydelagt kampen for heile Bergen.
Eksentrisk UEFA-show
Heldigvis hadde eg andre ting å glede meg over. I over eit halvt år har eg googla Luzern og Split, sjekka UD sine reiseråd for Aserbajdsjan og Kasakhstan, og no skulle vi endeleg få vite kven Brann møter i Europa League. Sist Brann spelte Europa-cup var eg fattig student, og kom meg berre på éin bortekamp. Forventninga om eit nytt Europa-eventyr har derfor til tider overskygga alt anna dei siste vekene.
For å korte ned ventetida stakk eg innom Bergenskontoret til Forfattersentrum og smakte på Vigdis Hjorth-ølen som var igjen etter De Litterære Festspill, før eg luska inn på ein rimeleg tom Fotikk og med lett skjevlande hender fann fram UEFA sin live-stream på mobilen.
Eit meir eksentrisk show enn trekninga av kampane i første og andre runde av Europa League, skal du leite lenge etter … Ein svært alvorleg mann i dress hadde seks ballar i fire ulike bøtter som han fordelte i tre ulike skåler, før han – framleis like alvorstung, ærverdig og profesjonell – prøvde å sette fart på ballane slik at trekninga skulle framstå som tilfedig.
På papirlappane inne i ballane, stod ikkje namna på laga slik eg hadde tenkt, men eit tal som representerte fleire lag samtidig. Brann var nummer elleve. Men kva tal laga vi kunne møte hadde, var umuleg å hugse. Før eg fekk sjekka det ut, stod svaret på skjermen: Vojvodina (SRB)/Ružomberok (SVK) vs. Brann (NOR).
Serbia eller Slovakia, altså. Brått var Google Maps viktigare enn UEFA-streamen. Eg gliste. Midt på skjermen, midt mellom Karađorđe Stadium og Pod Čebraťom Stadion, oppdaga eg ein by eg har lengta etter å få oppleve: Budapest.
Jinxeangst
Messenger kokte over av turplanlegging. Eitt ord dukka opp igjen og igjen og igjen: Budapest. Jinx og mulig tabelltopp var i eit par timar uviktig, før vi plutseleg var på veg til Stadion og nervøsiteten igjen begynte å melde seg. Elvis såg kampen på pub i Oslo, men eg kunne likevel høre stemma hans over fjella: Skulle tru det var NFF som har hacka kontoen din!
Dei første tjue minutta stod eg og snakka hol i hovudet på sidemannen om Serbia og Slovakia og kor fantastisk turen kom til å bli. Han var edru og prøvde å konsentrere seg om kampen, men eg orka berre ikkje å fokusere på det stygge, stygge tapet som snart kom til å spele seg ut på matta framfor oss. Då høgresida til Brann etter 20 minutt bestemte seg for å vere vakkert målretta og Daniel Braaten smekka inn 1-0, var eg så letta at eg nesten ikkje klarte å juble.
Vi vinner alltid heme – der é vi suveren!
Det var forresten ei merkeleg stemning på Stadion i går: Vi som var der, kokte av forventning om Europa-tur og mulig tabelltopp, og brukte stemmene våre slik at vi knapt kan snakke i dag. Men vi sang for tomme seter. Eg må innrømme at det kjennest litt sjukt å vere så intenst engasjert i noko dei fleste andre tilsynelatande stiller seg totalt likegyldige til, men aldri i verda om eg vil ut av denne deilige, deilige psykosen.
Uansett: Snart rann måla inn. 2-0, 3-0, puste- og pissepause, 4-0, 5-0. Vi feira tabelltoppinga med å kuppe bartefolkets nasjonalsang, Vi er hele Norges nummer én!, fullstendig klar over at Brann allereie på søndag kan komme til å finne tilbake til seg sjølv og tape med både fem og seks mål.
På nattoget til Oslo …
Inne på nattoget kjende eg at eg ikkje var klar for å sove. Det var så mykje å ta innover seg: Tabelltopp. Serbia, Slovakia, Budapest. Og Mjøndalen i cupen! kom eg brått på. Eg skulle til å sende «Ka va det eg sa!»-melding til Elvis, men så dukka det opp fleire brannfolk som heller ikkje fekk sove. Vi sette oss ned i Meny-vogna, fann fram tabellen.
– Vi har faen meg scora ti fleire mål enn Rosenborg!
– Vi har 19 plussmål!
– 19?!
– 19!
– Vi har berre sluppe inn ti mål, veit du.
– Ja.
– Skal dåkke på tur då?
– Klar vi skal på tur.
– Budapest?
– Budapest.