Lengsel i luften
Sesongen som aldri begynte, er endeleg over. Det er på tide å oppsummere: Har TV-fotball nokon som helst verdi?
Publisert 29/12/2020 av Berge.
Eg har, med eit lite unntak, for første gang sett ein heil Brann-sesong på TV. For kvar kamp, har avstanden frå Hokksund til Bergen auka. Utan sangane på puben og tribunen, samtalene med venner og framande på bussen og i meny-vogna på toget, herjing og kok, mistar Brann magien. Ja, det er ubegripeleg at nokon kan ha ein intens og langvarig romanse med ein klubb, uten å delta sjølv på tribunen.
Det betyr ikkje at TV-fotball er utan verdi. Du slepp å bli kald og våt. Du slepp å reise med tog i sju timar etter å ha tapt mot Mjøndalen. Ikkje minst slepp du å vere fyllesjuk og forkjøla etterpå. På sitt beste kan TV-fotball absolutt skape begeistring. Å sjå kampplanen til Robert Hauge bli realisert i Molde, står igjen som det absolutte høgdepunktet frå korona-sesongen.
Det er likevel med TV-fotball som med all anna mediering av felleskap og glede: Det er så uforpliktande!
Ja, no lengtar eg etter plikta igjen! Sju timar med tog for å sjå 0-0-fotball, høyrest kanskje ikkje så fristande ut, men ekstasen vi opplever dei få kampane alt klaffar for Sportsklubben, føles jo nettopp så fortent fordi vi har samla lidingskapital, sett uendeleg med balltrilling og feilpassningar. Du samlar ikkje lidingskapital ved å sjå fotball på TV, og jubelen framfor skjermen er når alt kjem til alt eit stusseleg og einsamt konsept.