Mjøndalen – Brann 1-0
Vi é Mjøndalens klovner – vi é Brann!
Publisert 10/08/2017 av Berge.
Mørke skyer over Drammenselva. Høljeregn. Havnesjefen er daud og Donald Trump flørtar med tredje verdenskrig, seier Nord-Korea skal få oppleve «fire and fury like the world has never seen». Framfor badekaret til Elvis heng ei Psycho-inspirert dusjgardin og minner oss på alle dei onde og uregjerlege kreftene i universet. Fire dystre Brann-supporterar har samla seg hos «Bibliotekaren fra Helvete» for å kjøre seg opp – eller eigentleg ned – til cup-kampen mot brune MIF. Vi har vore i Mjøndalen før, veit ka det går i. Best å forvente det verste, så blir vi ikkje så ekstremt skuffa etterpå.
Ja, vi é Mjøndalens klovner – vi é Brann!
Tre månader etter at eg flytta til Hoksund i 2014, møtte Brann Mjøndalen i den siste avgjerdande kampen om å unngå nedrykk. Fram til då hadde eg sett på Mjøndalen med vennlege auge og hatt ein viss sympati for arbeidertettstaden ved sidan av storbondekommunen eg sjølv hadde flytta til. Fra og med 26.11.2014 var ikkje Mjøndalen noko anna enn gjørme, tårer og nedrykk. I snart tre år har eg tatt tog forbi stasjonen til og fra jobb, dagleg blitt minna på den unemlege kvelden. Det seier seg sjølv at å sende MIF ut av cupen i alle fall ville gjort pendlarlivet mitt litt lettare.
Ingen glede, bare smerte – Brann é klubben i mitt hjerte
Framme på Isachsen stadion konstaterte vi letta at gjørmehaugen vi stod på i 2014 var utsletta, og at vi i staden skulle stå på den nye tribunen bak det eine målet. Få av dei syngande supporterane frå Store Stå og Felt-Z hadde tatt turen over fjellet, men vi laga likevel grei trøkk på dei mest kjende sangane.
Ka faen é Mjøndalen?! / Ka faen é Mjøndalen?! / Et lite stopp før Drammen / Et lite stopp før Drammen …
– Nei, Hokksund, gaula eg. – Eit lite stopp før Hokksund!
Ka faen é Mjøndalen?! / Ka faen é Mjøndalen?! / Et lite stopp før Hokksund / Et lite stopp før Hokksund …
Sjølv om feilpassningane var mange, duellar vart tapt og spelet på siste tredjedel svikta, var det ein anna glød over spelarane enn for eksempel i det tafatte tapet mot Ruzomberok. Vidar Ari Jonsson såg framleis lovande ut, Barmen såg ut til å halde fram den gode trenden fra Aalesund-kampen, og Alex Horwath viste igjen at det neppe er keeperkrise om Piotr flyttar heim. Så kom Mjøndalen målet. Og så kom byttene: Inn med formsvake Gilli og veike Børven i staden for Azar som vi ropte oss hese etter.
Vi é Mjøndalens klovner – vi é Brann!
Til slutt var lange ballar inn i feltet det einaste håpet vi hadde, og brått kom sjansen vi hadde venta på. Eg trur aldri eg har vore på ein stadion der vi har kome så tett på spelarane, og no, to-tre meter framfor oss var Haugen aleine med keeper på 1-0 i det 84. minutt.
– Neeei!
Flyt, flaks og marginar er ikkje Sportsklubben Brann sin bransje for tida. Haugen tuppa ballen i hendene på keeper som snudde seg og flirte til oss.
– Det er bra vi har så god trening i nederlag, mumla eg til sidemannen.
Han nikka.
– Ja, der er vi verkeleg i Europa-toppen!