Brann-Godset 3-0
Monsteredderkoppsesongen er i gang.
Publisert 08/04/2017 av Berge. Emne: Brann, Godset, høgtrykksfotball, LAN, Lars Arne Nilsen, maskinfotball, SK Brann
Torsdag morgon stod eg på Drammen stasjon og trippa nervøst. Det var ikkje berre den kommande kampen mot Godset som uroa meg. Onsdag kveld hadde eg fått ein SMS frå kona til reisekameraten min Elvis: «Elvis kan dessverre ikkje reise til Bergen i morgon. Monsteredderkoppsesongen har begynt, og han er monsterederkoppfangaren i huset. Beklagar.» Irritert kasta eg frå meg telefonen før eg forstod at det var snakk om ein spøk. I løpet av natta begynte likevel tvilen å melde seg: Kva om eg verkeleg måtte ta toget sju timar til Bergen aleine fordi Elvis skulle redde prinsessa si frå monstereddarkoppar?
Tusen onde Fagermoar
Fem minutt før toget skulle gå, stod eg framleis på Drammen stasjon uten å vite om Elvis kom til å dukke opp, og idet toget kjørte inn på stasjonen kom eg på at Elvis hadde billettane. Tusen onde Fagermoar reiv i sjela mi, før eg brått fekk auge på ein pesande medsupporter strene inn på perrongen.
– Du skal til Bergen, likevel?
– Klart eg skal!
– Monsteredderkoppane, då?
– Haha, gjekk du på den?!
– Eh, nei.
Meir enn arbeidsmaur
Dei neste ti timane tenkte eg ikkje meir på monsteredderkoppane, men idet dommaren blåste i gang første omgang mellom Brann og Godset såg eg eit voldsomt kryp ta form i ramma Lars Arne Nilsen har snakka om sidan sommaren 2015. I sølvsesongen 2016 var Brann ein vegg – defensivt solide, men uten for mange eigne angrep. Den mest passande innsektsmetaforen var arbeidsmaur.
Mot Godset framstod Sportsklubben derimot som éin stor kropp med tjueto bein, eit ekkelt kryp med fart og kraft som sprett rundt på stovegolvet ditt, umuleg å fange. Idet du trur du har klart å jage beistet ut verandadøra, snur det og pilar mot deg, mellom beina dine, fram og tilbake, til du er så svimmel at du scorar sjølvmål.
Pressa fram mål
Det høge presset Brann viste mot Strømsgodset – og i deler av kampen mot Tromsø – gjer det mindre nødvendig å ha den eine toppscoraren som lagar 20 mål i sesongen. Ja, held Brann fram med å tette igjen like høgt i bana, må det nødvendigvis kome mange mål – og sjølvmål. Etter 72 minutt sette Vilsvik ballen i eige mål, fordi Brann pressa han til å gjere det. Både før sjølvmålet og før 1-0-målet til Barmen, storma tidlegare scoringsvaksinerte Brann-spelarar inn i boksen og tvinga drammensarane til å gjere feil. Brann speler kanskje ikkje vakkert, men det viktige er at det er skremmande å møte eit kryp som aldri gir seg, som smett unna når du går til angrep, og som når som helst kan angripe deg. Eg veit kva eg snakkar om: Då eg kom tuslande heim frå nattoget fredag morgon stod ein inntrengar med korte bein og brun, mandelforma kropp i entréen og stira truande på meg.