Publisert 11/05/2017 av Berge.
Ryddar, lagar middag, vaskar opp og vaskar ned for å rettferdiggjere at eg skal reise på tre kampar den kommande veka. BT melder forresten at Wormgoor skada seg på trening. Tippar Grønner måtte kjempe hardt for å ikkje glise.
Ryddar, lagar middag, vaskar opp og vaskar ned for å rettferdiggjere at eg skal reise på tre kampar den kommande veka. BT melder forresten at Wormgoor skada seg på trening. Tippar Grønner måtte kjempe hardt for å ikkje glise.
Publisert 16/05/2017 av Berge.
16. mai 2017: Vi é på vei!
Publisert 20/05/2017 av Berge.
På veg til saftbygdi.
Publisert 20/05/2017 av Berge.
Opp med handa det laget i Europa som har finare borteturar enn oss.
Publisert 07/05/2017 av Berge.
Grått og kaldt i Trondheim. Ein perfekt dag for å gjømme seg innerst i eit hjørne på ein brun pub.
Publisert 22/05/2017 av Berge.
Plutseleg rabla det for meg.
– Jævla NFF!
Fredriksen fresa ved sida av meg, og «Vi vil ha Edvardsen tilbake!» runga fra bortefeltet på Fosshaugane. Framfor oss fekk Sogndal-spelarane lov til å klore, lugge og rive Jakob Orlov ned i plastmatta utan at mannen i svart reagerte. Brann var – med god hjelp fra dommaren – i ferd med å tape 2-0 i saftbygda. Sportsklubben stanga og stanga mot det kompakte Sogndal-forsvaret, men det er ikkje så forbanna lett å score når ein midtstoppar hoppar på deg som ein selskapssjuk hund kvar gong du skal skyte. Berre spør Jakob Orlov.
Før kampen hadde eg sett for meg at vi kom til å tape fordi Sogndal som vanleg ville peise på med ein intensitet dei berre klarar å mobilisere når Brann kjem på besøk. Eg hadde også tenkt at Brann-spelarane ville vere utlada etter festkampane mot Molde og Sandefjord, og eg hadde sett for meg at Henrik Furebotn tilfedigvis ville kome forbi idet Acosta knipsa vekk ein mygg frå skuldera si, slik at vi måtte spele med ti mann nesten heile kampen.
Men Sogndal peiste ikkje på, Brann-spelarane var ikkje slitne, og Acosta klarte å halde fingrane unna Henrik Furebotn. Då Barmen Army dempa ballen, vende vekk mannene og blåste ‘an ned i venstrehjørnet, kom trua på poeng. Pedersen kasta krykkene, vi klemte og hoppa. I nettet framfor oss hang Bergens Glade Gutter.
Dommaren heldt fram med å dømme fordel Sogndal i alle tvilsame situasjonar. Minst éin soleklar corner enda med utspel fra keeper, og fleire Brann-spelarar enn Orlov blei trakaserte framfor augene våre utan at det fekk konsekvensar for saftlaget. Trua på 2-2 var likevel sterkare enn frykta for 3-1. Du kunne høre det på synginga vår. Vi sang «Byen é Bergen» med gladare og gladare stemmer, og «Gullet ska hem!» med større og større overtyding. Men så plutseleg tok Barmen seg til venstrebeinet og snurpa ansiktet saman i smerte. E. starta straks å ramse opp alle potensielle indreløparar på benken:
– Peter Orry Larsen … ehh … ehh … Faen!
Sorry Orry, men etter Rosenborg-kampen mista vi trua på deg. Då Barmen halta ut, frykta vi derfor at Sogndal hadde fått eit rom dei kunne angripe i. I ettertid er det lett å sjå at vi ikkje hadde noko å frykte: Sjølvsagt kom Peter Orry Larsen, mannen som kom til Brann etter å ha hatt ein gentlemen’s agreement med Eirik Bakke, til å score på Fosshaugane.
82. minutt: Corner fra Haugen hardt inn mot første stolpe og innbyttar Larsen. Medan Brann-spelarane feira 2-2, stirra vi på dommaren som stod med ei hand mot øyret og snakka med nokon.
Fredriksen kneip meg hardt i armen.
– Nå ringer han NFF eller Yngve Hallén for å høre om han kan godkjenne målet, mumla han. – Han kommer til å anulere … Helt sikker! Helt sikker!
Heldigvis tok verken NFF eller Hallén telefonen. Mannen i svart gløtta opp på bortefeltet. Vi flekka tenner, og han våga ikkje å gjere anna enn å godkjenne målet. Bergens Glade Gutter ikkje berre hang, men ramla inn i nettet framfor oss, og øverst på tribunen greip bror min og eg tak i ein framand som nok hadde tenkt at det var trygt å stå der oppe under taket, klemde han slik vi hadde sett Sogndal-spelarane klemme Jakob Orlov.
Bortefeltet kokte, og då Brann minuttet etter 2-2 igjen var i angrep, fann eg ut at det kunne vere greitt å dokumentere stemninga. På mobilskjermen såg eg Nilsen sentre til Haugen utanfor 16-meteren, såg eg Fredrik Haugen klinke til:
Kampen var over, men vi ville ikkje gå fra stadion. Eg var i eit manisk modus eg knapt kan hugse å ha vore i sidan 2007: 120 i puls, skjelvande hender og eit glis rundt kjeften sjølv ikkje Dag-Eilev nokon gong vil kunne konkurrere med. Medan dei andre som heller ikkje ville gå fra stadion stilte seg opp bak tv-teamet til Eurosport, sat eg meg ned og fryda meg over synet av 100 oppkjørte medsupporterar som gaula «Tjukk og feit og full og seriegull!» og hylla Reka med «Kjetil Rekdal é en av oss / Han hater Engen / Han liker å slåss!».
Vi var framleis like høge på Sportsklubben Brann då vi gjekk nedover mot sentrum, sang «Vi klipper ikkje gress, vi går på kamp» til sogningen som hadde funne fram plenklipparen, og «Viss du elskar, elskar Brann så hopp» til barna med Sogndal-drakt som hoppa på trampoline i vegkanten. Ja, så lykkelege var vi at vi ikkje nølte med å betale 200 kroner for å høyre Olav Stedje på Lægreidspuben. Plutseleg stod vi og sang med på lighterbaladen «Vi vandrar saman» og dansa indianardans til «Stao nao pao», og like plutseleg begynte fleire med raud drakt å vifte med mobilane sine.
– Sjekk her, då!
– Steike!
– Herlig!
På skjermen til bror min såg eg Daniel Braaten danse med brannsupporterane på ferja.
Watch out Rosenborg. We’re coming for you! pic.twitter.com/vCxg85QHCa
— Sean (@Seanrosk) 20. mai 2017
Eit kort sekund var eg nedtrykt fordi eg ikkje fekk vere med på ferjefesten, men så fyrte Olav i gang «Nystemten», og ikkje berre vi i raudt, men også sogningane reiste seg og sang med.
Søndag vakna eg på bordet på hotelrommet. I dobbeltsenga låg reisekameratane mine Elvis og Fredriksen. Elvis snorka, Fredriksen såg på videoen fra ferja igjen og igjen og igjen. Eg sette meg opp og glisa.
– God morgen, Fredriksen! Eg hadde ein fantastisk drøm. Vi låg under 2-0 på Fosshaugane, og så snudde vi det. Rett før eg vakna låg vi eitt poeng bak Rosenborg to år etter at vi var 9. plass i OBOS.
Publisert 23/04/2017 av Berge.
Oslo by har så mye de kan by på … Kom i snakk med ein VIF-kar som stod utanfor Bohemen og venta på at puben skulle opne. Eg trudde først han skulle slå meg ned fordi eg hadde Brann-skjerf og tok bildet, men då eg gjekk vidare hadde vi blitt einige om at Brann skulle […]
Publisert 24/04/2017 av Berge.
Det satt fem kanarifugler i et tre …
Vi hadde ikkje vore lenge på puben på Lillestrøm før stemninga var så god at vektarane tilkalla politiet. Drinkglas var blitt knust, ei blomsterpotte kvelva. Eg tenkte at ordensmakta var ute etter dei som øydela ting, men nei, det var sangane våre dei ville ha ein slutt på. Vi hadde erobra uteområdet med «Eirik Bakke, kjør over pakket, ditt ville dyr!» og «Her kommer Bergen igjen …», men dei er ikkje vant til god stemning på Lillestrøm. På søndagar skal det vere stille i fjøset.
Vi dansa inn og fortsette oppladninga. Viking scora mot Odd, og vi sang «Kor é gliset no, Fagermo?». Åsane slo Ulf 4-0, og vi sang «Se Mons Ivar, trener som en konge …». Sidemannen min prøvde seg også med «Eg ville heller vært Osama enn Tom Lund» på melodien til «Du skal få min gamle sykel når eg dør».
Og eg må berre få sagt det: Gu’ så herleg det er å berre kunne gaule på med den stemma du har, saman med hundre andre som også berre gaular på med den stemma dei har.
Mellom sangøktene snakka vi oss varme om alle dei geniale grepa til strilane på Stadion. Ja, så varme i trøya blei vi at vi nesten begynte å tru at det kunne vere muleg å slå LSK, sjølv om Arne Erlandsen trenar dei igjen, og vi alltid tapar mot Erlandsen sin knokkelfotball.
Utanfor Åråsen blei vi igjen stoppa av politiet. Denne gongen fordi «det skulle komme noen». Vi forstod straks kven «noen» måtte vere, og begynte å gaule «Erna Solberg, hon gjør så godt som hon kan … Erna Solberg é en hedersmann!». Like etter parkerte politieskorten framfor Åråsen, og ut av den svarte bilen i midten steig den raude statsministeren som straks fekk servert «Vi har Erna Solberg / Ja, vi har Erna Solberg / Vi har Erna Solberg / Vi é Brann!».
Det er liten tvil om at Brann har eit godt grep på den politiske eliten. I køen inn på stadion helste vi på Audun Lysbakken, og observerte fleire andre stortingsrepresentantar med Brann-skjerf.
Lillestrøm starta best, men det blei raskt klart at Piotr framleis var forbanna etter fair play-målet i 2012. Han skulle halde nullen. Daniel Braaten vart inspirert: Slåst, dribla og sprang frå 10 år yngre LSK-spelarar. Og vi visste det jo: Ein vakker dag ville Daniel Omoya Braaten score for Sportsklubben Brann, og dette var allereie ein vakker dag.
Braatens første Brann-mål: Lang ball fra Wormgoor, nydeleg stuss av Børven til mannen med landets mest kjente av-og-på-knapp. Bortefeltet rabla gal, og Bergen bør ha pådratt seg kronisk Braaten-feber.
Vi var knapt ferdige med å hylle Braaten då same mann serverte Gilli Rólantsson som hælflikka inn eit 2-0-mål av den typen vi umiddelbart visste at vi måtte heim og sjå igjen og igjen og igjen på YouTube. Krykker blei kasta. Vi klemte og svaia. Nokre rader nedanfor kasta folk skjortene.
– Vi er jo totalt overlegne, jubla E. ved sida av meg. – Så det er altså slik det føles å vere rosenborgsupporter …
Uovervinnelege sang vi oss ut av Åråsen – «Erna rykker ned i år, hurra, hurra!» – og då vi passerte puben på veg til toget, låg det fem kanarifuglar med beina i vêret under treet ved puben.
Publisert 10/05/2017 av Berge.
Historia om korleis Sportsklubben Brann skapte ein supporter ved å gjere som langarane i Nygårdsparken.
Heilt sidan eg var baby har eg vore ein fysisk liten og også på andre måtar tilbakehalden fyr, og like lenge har eg lengta etter noko anna, noko større, betre og sterkare. Ikkje i olympisk forstand. Ja, ikkje i nokon som helst forstand. Faen ta forstanden! Det eg lengta etter var hinsides forstand. Eg hugsar eg låg vaken i babysenga om natta og ville danse, hoppe, synge og ruse meg saman med andre. Men kor skulle eg få oppleve slikt?
Det sunnaste alternativet ville kanskje ha vore å bli gladkristen, men eg trudde ikkje på nokon gud. Barnetrua hadde eg mista lenge før eg vart fødd. Eg hugsar den dagen foreldra mine døypte meg: Eg skreik det eg kunne for få dei til å la vere, men dei gjorde det likevel, dei jævlane!
Lengselen fortsette dei neste åra. Dagane i barnehagen likna kvarandre, slik dagane på skulen skulle kome til å likne kvarandre, og eg lengta, lengta, lengta, etter variasjon, fest, vitalitet, energi. Hadde det kome ein new age-predikant innom barnehagen er eg sikker på at eg hadde vore den første til å slå til på tilbodet hans, men det kom ingen new age-predikant til «korttissbarnehagen» på Seim.
Så ein dag skjedde noko. Eg fann ein raud og kvit caps i kledskapet til pappa, og spurde overraska når han gjekk med caps?
– Du går no aldri med caps?
Pappa svarte at capsen var fra cupfinalen i -78.
– Cupfinalen?!
– Ja, cupfinalen … Vi var alltid på cupfinalen før vi fekk deg.
Eg var vel tre, fire år, kanskje, og innsåg for første gong det alle ein eller anna gong må innsjå: At livet til foreldra mine begynte lenge før mitt. Eller rettar sagt: Livet til foreldra mine fann i hovudsak stad før dei fekk meg. Ja, for å gni det inn: Dei hadde eit liv, og så fekk dei meg.
Etter at eg oppdaga capsen begynte eg å mase om å at vi måtte gå på Brann-kamp. Pappa sa han var heilt ute av det der, men eg insisterte. Vi skulle på kamp. Mot Kongsvinger. Eg hugsar ikkje lenger kva stillinga blei, men då eg kom inn på Stadion og vi fann plassen vår på langsida, første rad på tribunen over gamle Store Stå, var det like før eg svima av: Så mange folk! Og kva gjorde dei? Jo, dei sang, og dansa, og hoppa, og var fulle.
Dei neste åra var pappa og eg på Stadion eit par gonger i året, og eg følgde Brann sine kampar på Puddefjord Radio. Den verkelege galskapen starta likevel ikkje før på slutten av 90-talet.
To svært avgjerande ting skjedde samtidig:
1) Bergen Nordhordland Rutelag begynte å køyre Brann-buss frå Knarvik til Stadion slik at eg trygt kunne reise aleine på kamp.
2) Nokon i Brann fekk eit tips av ein heroindealer i Nygårdsparken, og begynte å dele ut gratisbillettar i Klokkesvingen til alle barn som var medlem av Brann Club.
Resten er historie, resten er avhengigheit, resten er timar på tog, buss, fly og båt kvar helg frå mars til november. Historisk er ikkje Brann-administrasjonen kjende for å vere strategiske geni, men å tilby første dose gratis, fungerte utmerka. Ikkje berre har eg partoutkort på Stadion, pappa og mamma vart også hekta igjen. Etter at Brann slepte meg inn i Klokkesvingen nokre sesongar på slutten av 90-talet, har Sportsklubben tent fleire hundretusen på å selgje sesongkort, kalde pølser og sur kaffi til familien min.
Publisert 18/02/2017 av Berge.
Eit forsøk på å forklare ka det går i.
Branndagboka.no dokumenterer livet som supporter av Sportsklubben Brann. Kall det ein blogg, ein logg, eller “virkelighetslitteratur”.
Den rent materielle utførelsen består vesentlig i en projeksjon av virkeligheten, i en skjev og oppvarmet atmosfære, på et uregelmessig bølget referanseplan med forvridninger.Boris Vian, Dagenes skum
Kjapt omformulert: Alt som står her er sant, men det var ikkje nødvendigvis akkurat slik det skjedde.
Eg som skriv dette (Atle Berge, f. 1986) bur i Hokksund. I tolv år har eg pendla med tog over fjellet til heimekampane på Stadion. Branndagboka dokumenterer derfor også livet på vegen/skinnene/i menyvogna til NSB.
Ved sida av å vere brannsupporter, prøver eg forresten hardt å vere forfattar. Bøkene mine kan du lese meir om her.