Publisert 03/07/2017 av Berge.
Bergen er på gang!
Endeleg hadde fleire enn dei 10000 mest trufaste oppdaga at vi har eit superlag på gang. Mobiliseringa starta allereie før Sarpsborg-kampen: Bergenske Facebook-feedar var fulle av statusoppdateringar om å komme seg på Stadion, og minst éin lokalpolitikar var i media og snakka om sitt livslange forhold til Sportsklubben – eit sikkert teikn på at Brann har store ting på gang.
På Bataljonen sitt forum følgde dei mest ivrige billettsalet time for time, og på brann.no kunne vi dagleg lese nye gladmeldingar om 11000, 12000, 13000 og 14000 selde seter og ståplassar. Til slutt hadde 16136 kjøpt billett til Brann-Vålerengen 2. juli 2017.
Sjølv hadde eg rekruttert ein kompis som pleide å vere med på kamp då eg stod i Klokkesvingen på slutten av 90-talet. I løpet av dei siste 17 åra hadde han berre sett éin Brann-kamp: 3-6-festen i Trondheim. Du skulle kanskje tru at å vere på Lerkendal den kvelden Brann knuste Rosenborg gav deg lyst til å gjere comeback som supporter, men det tok altså seks nye år før han blei med på Stadion.
Framfor oss blei eit gigantisk banner av Lars Arne Nilsen malt i sovjetisk propagandastil heist opp. Raud røyk fylte lufta og lungene våre, før «Stemma på Stadion», Remi André Taule, kom med den faste oppfordringa si:
– Reis opp og syng med på Nystemten!
Comebacksupporteren såg forvirra på meg:
– Blir Nystemten spelt fra CD?!
Fra første sekund blei det klart at kampen kom til å bli prega av overvatn: Avsparket til Engen stoppa straks i ein av sølepyttane i midtsirkelen. Brann snappa ballen og fossa i angrep, men uten å komme til avslutning. Vi håpa på at dei dårlege baneforholda ville vere til fordel for den hardtkjempande raude arméen til Lars Arne Nilsen, men eit relativt fintspelande Engen var minst på høgde med Sportsklubben.
På tribunen var vi derimot overlegne. I timane før kampen hadde vi smurt stemmene våre på Fotballpuben og Bakrommet. Det var tydeleg at mange hadde hatt ein lang søndag til å kjøre seg opp: Sjølv på kontorpuben i SPV-tribunen våga folk å synge høgt og tydeleg:
– Vi é berømte Brann fra Bergen!
Comebacksupporteren gliste: – Syng de den sangen fortsatt?!
På Hansa hadde Felt Z og sangfeltet til Bataljonen som vanleg to ulike opplegg. Vi sang konsekvent tostemt, ofte i ulikt tempo, nokre gonger ulike sangar. Blant oss i høgre topphjørnet av Store stå råda det full forvirring: Kva tempo skulle vi følge og kva sang skulle vi synge når to ulike sangar blei framført med like heftig trøkk?
– Typisk Bergen! lo comebacksupporteren. – Totalt anarki!
Som alltid på Stadion følgde stemninga kampen, og etterkvart vart stemmene våre mindre overbeviste om seier. Framfor oss prøvde Sivert Heltne Nilsen nærmast å ta kvelertak på ein VIF-spelar rett etter at han hadde fått gult kort, og minst éin situasjon til kunne enda med straffe til Oslo-laget. Vi gaula også på straffe, men til ingen nytte.
Til slutt hadde vi berre eitt håp:
– Azar! Azar! Azar Karadas!
Comebacksupporteren måpa:
– Speler han fortsatt?!
Dessverre fekk Azar få innlegg. Heller ikkje Krepsen hadde noko å by på, og då gjekk det som det pleier å gå når Brann har ein dårleg eller middels dag med Wormgoor og Acosta som midtstopparar: 0-0.
På veg ut av Stadion følte eg likevel at vi hadde tapt. Overskrifta til kampbloggen var klar: Når Bergen tar fyr, sluknar Brann. Dette har jo nesten vore ei naturlov dei siste åra: Kvar gong vi har mobilisert sofasupporterane har Brann-spelarane sett svake og nervøse ut.
Etter å ha fått sove på det, ser eg sjølvsagt at gårsdagens prestasjon var betre enn som så. Med Sivert Heltne Nilsen sine glødande auge som ledestjerner, gav Brann-spelarane alt i kvar duell for å gi oss ei god oppleving. Halvvegs i sesongen ligg vi på andreplass, to poeng bak Rosenborg, har scora flest mål og sluppe inn færrast. Det viktigaste er kanskje likevel at comebacksupporteren virka tilfreds. Det siste han spurde om før vi sette kursen heimover var i alle fall når Brann speler neste heimekamp.
Publisert 04/06/2017 av Berge.
Det er duket for en skikkelig festaften for oss som er glad i norsk fotball, idet Bergens gjenreiste stolthet kommer på besøk til Skien denne første søndagen i juni. Bergensernes hovedtrener Lars Arne Nilsen tok i 2015 over et skakkjørt Brann-lag, som svensken med det omfangsrike snakketøyet Rikard Norling, hadde kjørt grundig til grøfts. Laget […]
Det er duket for en skikkelig festaften for oss som er glad i norsk fotball, idet Bergens gjenreiste stolthet kommer på besøk til Skien denne første søndagen i juni. Bergensernes hovedtrener Lars Arne Nilsen tok i 2015 over et skakkjørt Brann-lag, som svensken med det omfangsrike snakketøyet Rikard Norling, hadde kjørt grundig til grøfts. Laget kavet da i OBOS-ligaen og et opprykk var ingen selvfølge. Siden da har Nilsen skapt et hardtkjempende kollektiv som i fjor tok en imponerende sølvmedalje. Etter snart halvspilt eliteserie ligger de fortsatt i toppen. DET er en vanvittig prestasjon.Odd.no
Publisert 08/04/2017 av Berge.
Monsteredderkoppsesongen er i gang.
Torsdag morgon stod eg på Drammen stasjon og trippa nervøst. Det var ikkje berre den kommande kampen mot Godset som uroa meg. Onsdag kveld hadde eg fått ein SMS frå kona til reisekameraten min Elvis: «Elvis kan dessverre ikkje reise til Bergen i morgon. Monsteredderkoppsesongen har begynt, og han er monsterederkoppfangaren i huset. Beklagar.» Irritert kasta eg frå meg telefonen før eg forstod at det var snakk om ein spøk. I løpet av natta begynte likevel tvilen å melde seg: Kva om eg verkeleg måtte ta toget sju timar til Bergen aleine fordi Elvis skulle redde prinsessa si frå monstereddarkoppar?
Fem minutt før toget skulle gå, stod eg framleis på Drammen stasjon uten å vite om Elvis kom til å dukke opp, og idet toget kjørte inn på stasjonen kom eg på at Elvis hadde billettane. Tusen onde Fagermoar reiv i sjela mi, før eg brått fekk auge på ein pesande medsupporter strene inn på perrongen.
– Du skal til Bergen, likevel?
– Klart eg skal!
– Monsteredderkoppane, då?
– Haha, gjekk du på den?!
– Eh, nei.
Dei neste ti timane tenkte eg ikkje meir på monsteredderkoppane, men idet dommaren blåste i gang første omgang mellom Brann og Godset såg eg eit voldsomt kryp ta form i ramma Lars Arne Nilsen har snakka om sidan sommaren 2015. I sølvsesongen 2016 var Brann ein vegg – defensivt solide, men uten for mange eigne angrep. Den mest passande innsektsmetaforen var arbeidsmaur.
Mot Godset framstod Sportsklubben derimot som éin stor kropp med tjueto bein, eit ekkelt kryp med fart og kraft som sprett rundt på stovegolvet ditt, umuleg å fange. Idet du trur du har klart å jage beistet ut verandadøra, snur det og pilar mot deg, mellom beina dine, fram og tilbake, til du er så svimmel at du scorar sjølvmål.
Det høge presset Brann viste mot Strømsgodset – og i deler av kampen mot Tromsø – gjer det mindre nødvendig å ha den eine toppscoraren som lagar 20 mål i sesongen. Ja, held Brann fram med å tette igjen like høgt i bana, må det nødvendigvis kome mange mål – og sjølvmål. Etter 72 minutt sette Vilsvik ballen i eige mål, fordi Brann pressa han til å gjere det. Både før sjølvmålet og før 1-0-målet til Barmen, storma tidlegare scoringsvaksinerte Brann-spelarar inn i boksen og tvinga drammensarane til å gjere feil. Brann speler kanskje ikkje vakkert, men det viktige er at det er skremmande å møte eit kryp som aldri gir seg, som smett unna når du går til angrep, og som når som helst kan angripe deg. Eg veit kva eg snakkar om: Då eg kom tuslande heim frå nattoget fredag morgon stod ein inntrengar med korte bein og brun, mandelforma kropp i entréen og stira truande på meg.
Publisert 24/04/2017 av Berge.
Det satt fem kanarifugler i et tre …
Vi hadde ikkje vore lenge på puben på Lillestrøm før stemninga var så god at vektarane tilkalla politiet. Drinkglas var blitt knust, ei blomsterpotte kvelva. Eg tenkte at ordensmakta var ute etter dei som øydela ting, men nei, det var sangane våre dei ville ha ein slutt på. Vi hadde erobra uteområdet med «Eirik Bakke, kjør over pakket, ditt ville dyr!» og «Her kommer Bergen igjen …», men dei er ikkje vant til god stemning på Lillestrøm. På søndagar skal det vere stille i fjøset.
Vi dansa inn og fortsette oppladninga. Viking scora mot Odd, og vi sang «Kor é gliset no, Fagermo?». Åsane slo Ulf 4-0, og vi sang «Se Mons Ivar, trener som en konge …». Sidemannen min prøvde seg også med «Eg ville heller vært Osama enn Tom Lund» på melodien til «Du skal få min gamle sykel når eg dør».
Og eg må berre få sagt det: Gu’ så herleg det er å berre kunne gaule på med den stemma du har, saman med hundre andre som også berre gaular på med den stemma dei har.
Mellom sangøktene snakka vi oss varme om alle dei geniale grepa til strilane på Stadion. Ja, så varme i trøya blei vi at vi nesten begynte å tru at det kunne vere muleg å slå LSK, sjølv om Arne Erlandsen trenar dei igjen, og vi alltid tapar mot Erlandsen sin knokkelfotball.
Utanfor Åråsen blei vi igjen stoppa av politiet. Denne gongen fordi «det skulle komme noen». Vi forstod straks kven «noen» måtte vere, og begynte å gaule «Erna Solberg, hon gjør så godt som hon kan … Erna Solberg é en hedersmann!». Like etter parkerte politieskorten framfor Åråsen, og ut av den svarte bilen i midten steig den raude statsministeren som straks fekk servert «Vi har Erna Solberg / Ja, vi har Erna Solberg / Vi har Erna Solberg / Vi é Brann!».
Det er liten tvil om at Brann har eit godt grep på den politiske eliten. I køen inn på stadion helste vi på Audun Lysbakken, og observerte fleire andre stortingsrepresentantar med Brann-skjerf.
Lillestrøm starta best, men det blei raskt klart at Piotr framleis var forbanna etter fair play-målet i 2012. Han skulle halde nullen. Daniel Braaten vart inspirert: Slåst, dribla og sprang frå 10 år yngre LSK-spelarar. Og vi visste det jo: Ein vakker dag ville Daniel Omoya Braaten score for Sportsklubben Brann, og dette var allereie ein vakker dag.
Braatens første Brann-mål: Lang ball fra Wormgoor, nydeleg stuss av Børven til mannen med landets mest kjente av-og-på-knapp. Bortefeltet rabla gal, og Bergen bør ha pådratt seg kronisk Braaten-feber.
Vi var knapt ferdige med å hylle Braaten då same mann serverte Gilli Rólantsson som hælflikka inn eit 2-0-mål av den typen vi umiddelbart visste at vi måtte heim og sjå igjen og igjen og igjen på YouTube. Krykker blei kasta. Vi klemte og svaia. Nokre rader nedanfor kasta folk skjortene.
– Vi er jo totalt overlegne, jubla E. ved sida av meg. – Så det er altså slik det føles å vere rosenborgsupporter …
Uovervinnelege sang vi oss ut av Åråsen – «Erna rykker ned i år, hurra, hurra!» – og då vi passerte puben på veg til toget, låg det fem kanarifuglar med beina i vêret under treet ved puben.
Publisert 16/03/2017 av Berge.
Brann speler treningskampar for tida, men det er ikkje tap mot Vikng og uavgjort mot Arendal og Haugesund som uroar meg. Treningskampar er treningskampar, spesielt når laget ikkje er toppa. Verre er det at vi dei siste vekene har sett glimt av Nilsen sin indre Skarsfjord. Møter Brann langvarig motgang kan det bli stygt. LAN […]
Brann speler treningskampar for tida, men det er ikkje tap mot Vikng og uavgjort mot Arendal og Haugesund som uroar meg. Treningskampar er treningskampar, spesielt når laget ikkje er toppa.
Verre er det at vi dei siste vekene har sett glimt av Nilsen sin indre Skarsfjord. Møter Brann langvarig motgang kan det bli stygt. LAN har vist at han er ein fin fyr. Under sølvfeiringa i haust la han for eksempel armen rundt Mads Bøyum, etter å ha vore rimeleg irritert på same BT-journalist dagen før. Kanskje er det ikkje meir enn eit lite sinnemestringskurs som skal til? Tell til ti, mann!
Det er også noko anna som uroar meg før seriestart: Frå 8. august til 18. september 2016 vann ikkje Brann éin kamp. Likevel mista vi ikkje kontakten med medaljane, fordi dei andre “topplaga” var like dårlege. Såpass mykje flaks har vi vel neppe to år på rad?