Publisert 03/07/2017 av Berge.
Bergen er på gang!
Endeleg hadde fleire enn dei 10000 mest trufaste oppdaga at vi har eit superlag på gang. Mobiliseringa starta allereie før Sarpsborg-kampen: Bergenske Facebook-feedar var fulle av statusoppdateringar om å komme seg på Stadion, og minst éin lokalpolitikar var i media og snakka om sitt livslange forhold til Sportsklubben – eit sikkert teikn på at Brann har store ting på gang.
På Bataljonen sitt forum følgde dei mest ivrige billettsalet time for time, og på brann.no kunne vi dagleg lese nye gladmeldingar om 11000, 12000, 13000 og 14000 selde seter og ståplassar. Til slutt hadde 16136 kjøpt billett til Brann-Vålerengen 2. juli 2017.
Sjølv hadde eg rekruttert ein kompis som pleide å vere med på kamp då eg stod i Klokkesvingen på slutten av 90-talet. I løpet av dei siste 17 åra hadde han berre sett éin Brann-kamp: 3-6-festen i Trondheim. Du skulle kanskje tru at å vere på Lerkendal den kvelden Brann knuste Rosenborg gav deg lyst til å gjere comeback som supporter, men det tok altså seks nye år før han blei med på Stadion.
Framfor oss blei eit gigantisk banner av Lars Arne Nilsen malt i sovjetisk propagandastil heist opp. Raud røyk fylte lufta og lungene våre, før «Stemma på Stadion», Remi André Taule, kom med den faste oppfordringa si:
– Reis opp og syng med på Nystemten!
Comebacksupporteren såg forvirra på meg:
– Blir Nystemten spelt fra CD?!
Fra første sekund blei det klart at kampen kom til å bli prega av overvatn: Avsparket til Engen stoppa straks i ein av sølepyttane i midtsirkelen. Brann snappa ballen og fossa i angrep, men uten å komme til avslutning. Vi håpa på at dei dårlege baneforholda ville vere til fordel for den hardtkjempande raude arméen til Lars Arne Nilsen, men eit relativt fintspelande Engen var minst på høgde med Sportsklubben.
På tribunen var vi derimot overlegne. I timane før kampen hadde vi smurt stemmene våre på Fotballpuben og Bakrommet. Det var tydeleg at mange hadde hatt ein lang søndag til å kjøre seg opp: Sjølv på kontorpuben i SPV-tribunen våga folk å synge høgt og tydeleg:
– Vi é berømte Brann fra Bergen!
Comebacksupporteren gliste: – Syng de den sangen fortsatt?!
På Hansa hadde Felt Z og sangfeltet til Bataljonen som vanleg to ulike opplegg. Vi sang konsekvent tostemt, ofte i ulikt tempo, nokre gonger ulike sangar. Blant oss i høgre topphjørnet av Store stå råda det full forvirring: Kva tempo skulle vi følge og kva sang skulle vi synge når to ulike sangar blei framført med like heftig trøkk?
– Typisk Bergen! lo comebacksupporteren. – Totalt anarki!
Som alltid på Stadion følgde stemninga kampen, og etterkvart vart stemmene våre mindre overbeviste om seier. Framfor oss prøvde Sivert Heltne Nilsen nærmast å ta kvelertak på ein VIF-spelar rett etter at han hadde fått gult kort, og minst éin situasjon til kunne enda med straffe til Oslo-laget. Vi gaula også på straffe, men til ingen nytte.
Til slutt hadde vi berre eitt håp:
– Azar! Azar! Azar Karadas!
Comebacksupporteren måpa:
– Speler han fortsatt?!
Dessverre fekk Azar få innlegg. Heller ikkje Krepsen hadde noko å by på, og då gjekk det som det pleier å gå når Brann har ein dårleg eller middels dag med Wormgoor og Acosta som midtstopparar: 0-0.
På veg ut av Stadion følte eg likevel at vi hadde tapt. Overskrifta til kampbloggen var klar: Når Bergen tar fyr, sluknar Brann. Dette har jo nesten vore ei naturlov dei siste åra: Kvar gong vi har mobilisert sofasupporterane har Brann-spelarane sett svake og nervøse ut.
Etter å ha fått sove på det, ser eg sjølvsagt at gårsdagens prestasjon var betre enn som så. Med Sivert Heltne Nilsen sine glødande auge som ledestjerner, gav Brann-spelarane alt i kvar duell for å gi oss ei god oppleving. Halvvegs i sesongen ligg vi på andreplass, to poeng bak Rosenborg, har scora flest mål og sluppe inn færrast. Det viktigaste er kanskje likevel at comebacksupporteren virka tilfreds. Det siste han spurde om før vi sette kursen heimover var i alle fall når Brann speler neste heimekamp.
Publisert 01/06/2017 av Berge.
Medlemsmøte i Brann. Klubben varslar ekstraordinært årsmøte om utbygging av Stadion. Mjøndalen slo ut Godset i kampen om å møte SKB i fjerde runde av cupen. Blir uggen i magen av å tenke på at vi skal tilbake til Isachsen stadion.
Medlemsmøte i Brann. Klubben varslar ekstraordinært årsmøte om utbygging av Stadion.
Mjøndalen slo ut Godset i kampen om å møte SKB i fjerde runde av cupen. Blir uggen i magen av å tenke på at vi skal tilbake til Isachsen stadion.
Publisert 04/06/2017 av Berge.
Feira Elvis sin femtiårsdag i natt. Han fekk blant anna Fagermo sitt hovud på eit fat i presang.
Publisert 04/06/2017 av Berge.
Det er duket for en skikkelig festaften for oss som er glad i norsk fotball, idet Bergens gjenreiste stolthet kommer på besøk til Skien denne første søndagen i juni. Bergensernes hovedtrener Lars Arne Nilsen tok i 2015 over et skakkjørt Brann-lag, som svensken med det omfangsrike snakketøyet Rikard Norling, hadde kjørt grundig til grøfts. Laget […]
Det er duket for en skikkelig festaften for oss som er glad i norsk fotball, idet Bergens gjenreiste stolthet kommer på besøk til Skien denne første søndagen i juni. Bergensernes hovedtrener Lars Arne Nilsen tok i 2015 over et skakkjørt Brann-lag, som svensken med det omfangsrike snakketøyet Rikard Norling, hadde kjørt grundig til grøfts. Laget kavet da i OBOS-ligaen og et opprykk var ingen selvfølge. Siden da har Nilsen skapt et hardtkjempende kollektiv som i fjor tok en imponerende sølvmedalje. Etter snart halvspilt eliteserie ligger de fortsatt i toppen. DET er en vanvittig prestasjon.Odd.no
Publisert 12/06/2017 av Berge.
I dag er det ei veke til vi får vite kva lag Brann møter først i Europa League. Alexander Osdal har laga liste over potensielle motstandarar: Brannbloggen. Eg håpar på Split (Kroatia), men Luzern i Sveits klatra også oppover på ønskelista etter at eg kikka på bilder av byen.
I dag er det ei veke til vi får vite kva lag Brann møter først i Europa League. Alexander Osdal har laga liste over potensielle motstandarar: Brannbloggen. Eg håpar på Split (Kroatia), men Luzern i Sveits klatra også oppover på ønskelista etter at eg kikka på bilder av byen.
Publisert 14/06/2017 av Berge.
Landslagspause, landslagspause … Men litt nytt er det likevel: Azar har resignert, og Haugen seier i BA at han ikkje vil gå til utlandet uten at Brann får pengar for han. Bra!
Landslagspause, landslagspause … Men litt nytt er det likevel: Azar har resignert, og Haugen seier i BA at han ikkje vil gå til utlandet uten at Brann får pengar for han. Bra!
Publisert 16/06/2017 av Berge.
Landslagspause på forumet til Bataljonen også … Synest forresten det er litt rart at Mr. Gulløl ikkje har sjekka om Martin Knudsen er ledig.
Landslagspause på forumet til Bataljonen også … Synest forresten det er litt rart at Mr. Gulløl ikkje har sjekka om Martin Knudsen er ledig.
Publisert 19/06/2017 av Berge.
Spennande trekning i Europa League: Snakkast i Serbia eller Slovakia 13. juli!
Publisert 29/06/2017 av Berge.
«Minne»: Fann denne billetten heime hos foreldra mine. Er fra sommaren før eg blei fødd. Sesongen endte med nedrykk, men kampen mot Eik Tønsberg vann Brann 3-0.
«Minne»: Fann denne billetten heime hos foreldra mine. Er fra sommaren før eg blei fødd. Sesongen endte med nedrykk, men kampen mot Eik Tønsberg vann Brann 3-0.
Publisert 02/05/2017 av Berge.
BT har laga oversikt over korleis det har gått med tidlegare Brann-spelarar: http://www.bt.no/100Sport/fotball/Her-far-du-komplett-oversikt-Slik-har-det-gatt-med-Branns-utenlandsproffer-234234b.html Eg er litt nysgjerrig på kva Amadaiya Rennie kunne ha blitt til dersom han fekk meir tid i Brann-drakta, men ellers er det vel greitt at dei som har gått har gått etter at Soltvedt begynte å styre overgangane.
BT har laga oversikt over korleis det har gått med tidlegare Brann-spelarar: http://www.bt.no/100Sport/fotball/Her-far-du-komplett-oversikt-Slik-har-det-gatt-med-Branns-utenlandsproffer-234234b.html Eg er litt nysgjerrig på kva Amadaiya Rennie kunne ha blitt til dersom han fekk meir tid i Brann-drakta, men ellers er det vel greitt at dei som har gått har gått etter at Soltvedt begynte å styre overgangane.
Publisert 04/05/2017 av Berge.
Minne: VG 31. oktober 2011.
Publisert 06/05/2017 av Berge.
Oh Fredrik how did I ever doubt you. […] Haugen is averaging 1 key pass more than anyone else in the league per game. He has 1 goal and 2 assists (33% contribution of all Brann’s goals) and is at the fulcrum of everything Brann does going forward. He is also whipping in 3.3 crosses […]
Oh Fredrik how did I ever doubt you. […] Haugen is averaging 1 key pass more than anyone else in the league per game. He has 1 goal and 2 assists (33% contribution of all Brann’s goals) and is at the fulcrum of everything Brann does going forward. He is also whipping in 3.3 crosses per game, more than anyone else in this Brann side. I would love to see him with a striker on his wavelength, but for now, he is the star of Lars Arne Nilsen’s team.Footballradars Perry Sykes om kvifor han har Fredrik Haugen på laget med dei 11 beste så langt i sesongen.
Publisert 11/05/2017 av Berge.
Ryddar, lagar middag, vaskar opp og vaskar ned for å rettferdiggjere at eg skal reise på tre kampar den kommande veka. BT melder forresten at Wormgoor skada seg på trening. Tippar Grønner måtte kjempe hardt for å ikkje glise.
Ryddar, lagar middag, vaskar opp og vaskar ned for å rettferdiggjere at eg skal reise på tre kampar den kommande veka. BT melder forresten at Wormgoor skada seg på trening. Tippar Grønner måtte kjempe hardt for å ikkje glise.
Publisert 16/05/2017 av Berge.
16. mai 2017: Vi é på vei!
Publisert 01/04/2017 av Berge.
Realitetsorientering dagen før seriestart: I 2016 tok Brann sølv med 54 poeng. I 2015 hadde det halde til 5. plass.
Realitetsorientering dagen før seriestart: I 2016 tok Brann sølv med 54 poeng. I 2015 hadde det halde til 5. plass.
Publisert 20/05/2017 av Berge.
På veg til saftbygdi.
Publisert 07/05/2017 av Berge.
Sjåføren har pynta shuttlebussen på Flesland.
Publisert 22/05/2017 av Berge.
Plutseleg rabla det for meg.
– Jævla NFF!
Fredriksen fresa ved sida av meg, og «Vi vil ha Edvardsen tilbake!» runga fra bortefeltet på Fosshaugane. Framfor oss fekk Sogndal-spelarane lov til å klore, lugge og rive Jakob Orlov ned i plastmatta utan at mannen i svart reagerte. Brann var – med god hjelp fra dommaren – i ferd med å tape 2-0 i saftbygda. Sportsklubben stanga og stanga mot det kompakte Sogndal-forsvaret, men det er ikkje så forbanna lett å score når ein midtstoppar hoppar på deg som ein selskapssjuk hund kvar gong du skal skyte. Berre spør Jakob Orlov.
Før kampen hadde eg sett for meg at vi kom til å tape fordi Sogndal som vanleg ville peise på med ein intensitet dei berre klarar å mobilisere når Brann kjem på besøk. Eg hadde også tenkt at Brann-spelarane ville vere utlada etter festkampane mot Molde og Sandefjord, og eg hadde sett for meg at Henrik Furebotn tilfedigvis ville kome forbi idet Acosta knipsa vekk ein mygg frå skuldera si, slik at vi måtte spele med ti mann nesten heile kampen.
Men Sogndal peiste ikkje på, Brann-spelarane var ikkje slitne, og Acosta klarte å halde fingrane unna Henrik Furebotn. Då Barmen Army dempa ballen, vende vekk mannene og blåste ‘an ned i venstrehjørnet, kom trua på poeng. Pedersen kasta krykkene, vi klemte og hoppa. I nettet framfor oss hang Bergens Glade Gutter.
Dommaren heldt fram med å dømme fordel Sogndal i alle tvilsame situasjonar. Minst éin soleklar corner enda med utspel fra keeper, og fleire Brann-spelarar enn Orlov blei trakaserte framfor augene våre utan at det fekk konsekvensar for saftlaget. Trua på 2-2 var likevel sterkare enn frykta for 3-1. Du kunne høre det på synginga vår. Vi sang «Byen é Bergen» med gladare og gladare stemmer, og «Gullet ska hem!» med større og større overtyding. Men så plutseleg tok Barmen seg til venstrebeinet og snurpa ansiktet saman i smerte. E. starta straks å ramse opp alle potensielle indreløparar på benken:
– Peter Orry Larsen … ehh … ehh … Faen!
Sorry Orry, men etter Rosenborg-kampen mista vi trua på deg. Då Barmen halta ut, frykta vi derfor at Sogndal hadde fått eit rom dei kunne angripe i. I ettertid er det lett å sjå at vi ikkje hadde noko å frykte: Sjølvsagt kom Peter Orry Larsen, mannen som kom til Brann etter å ha hatt ein gentlemen’s agreement med Eirik Bakke, til å score på Fosshaugane.
82. minutt: Corner fra Haugen hardt inn mot første stolpe og innbyttar Larsen. Medan Brann-spelarane feira 2-2, stirra vi på dommaren som stod med ei hand mot øyret og snakka med nokon.
Fredriksen kneip meg hardt i armen.
– Nå ringer han NFF eller Yngve Hallén for å høre om han kan godkjenne målet, mumla han. – Han kommer til å anulere … Helt sikker! Helt sikker!
Heldigvis tok verken NFF eller Hallén telefonen. Mannen i svart gløtta opp på bortefeltet. Vi flekka tenner, og han våga ikkje å gjere anna enn å godkjenne målet. Bergens Glade Gutter ikkje berre hang, men ramla inn i nettet framfor oss, og øverst på tribunen greip bror min og eg tak i ein framand som nok hadde tenkt at det var trygt å stå der oppe under taket, klemde han slik vi hadde sett Sogndal-spelarane klemme Jakob Orlov.
Bortefeltet kokte, og då Brann minuttet etter 2-2 igjen var i angrep, fann eg ut at det kunne vere greitt å dokumentere stemninga. På mobilskjermen såg eg Nilsen sentre til Haugen utanfor 16-meteren, såg eg Fredrik Haugen klinke til:
Kampen var over, men vi ville ikkje gå fra stadion. Eg var i eit manisk modus eg knapt kan hugse å ha vore i sidan 2007: 120 i puls, skjelvande hender og eit glis rundt kjeften sjølv ikkje Dag-Eilev nokon gong vil kunne konkurrere med. Medan dei andre som heller ikkje ville gå fra stadion stilte seg opp bak tv-teamet til Eurosport, sat eg meg ned og fryda meg over synet av 100 oppkjørte medsupporterar som gaula «Tjukk og feit og full og seriegull!» og hylla Reka med «Kjetil Rekdal é en av oss / Han hater Engen / Han liker å slåss!».
Vi var framleis like høge på Sportsklubben Brann då vi gjekk nedover mot sentrum, sang «Vi klipper ikkje gress, vi går på kamp» til sogningen som hadde funne fram plenklipparen, og «Viss du elskar, elskar Brann så hopp» til barna med Sogndal-drakt som hoppa på trampoline i vegkanten. Ja, så lykkelege var vi at vi ikkje nølte med å betale 200 kroner for å høyre Olav Stedje på Lægreidspuben. Plutseleg stod vi og sang med på lighterbaladen «Vi vandrar saman» og dansa indianardans til «Stao nao pao», og like plutseleg begynte fleire med raud drakt å vifte med mobilane sine.
– Sjekk her, då!
– Steike!
– Herlig!
På skjermen til bror min såg eg Daniel Braaten danse med brannsupporterane på ferja.
Watch out Rosenborg. We’re coming for you! pic.twitter.com/vCxg85QHCa
— Sean (@Seanrosk) 20. mai 2017
Eit kort sekund var eg nedtrykt fordi eg ikkje fekk vere med på ferjefesten, men så fyrte Olav i gang «Nystemten», og ikkje berre vi i raudt, men også sogningane reiste seg og sang med.
Søndag vakna eg på bordet på hotelrommet. I dobbeltsenga låg reisekameratane mine Elvis og Fredriksen. Elvis snorka, Fredriksen såg på videoen fra ferja igjen og igjen og igjen. Eg sette meg opp og glisa.
– God morgen, Fredriksen! Eg hadde ein fantastisk drøm. Vi låg under 2-0 på Fosshaugane, og så snudde vi det. Rett før eg vakna låg vi eitt poeng bak Rosenborg to år etter at vi var 9. plass i OBOS.
Publisert 29/04/2017 av Berge.
Flaggdag!
Publisert 08/04/2017 av Berge.
Monsteredderkoppsesongen er i gang.
Torsdag morgon stod eg på Drammen stasjon og trippa nervøst. Det var ikkje berre den kommande kampen mot Godset som uroa meg. Onsdag kveld hadde eg fått ein SMS frå kona til reisekameraten min Elvis: «Elvis kan dessverre ikkje reise til Bergen i morgon. Monsteredderkoppsesongen har begynt, og han er monsterederkoppfangaren i huset. Beklagar.» Irritert kasta eg frå meg telefonen før eg forstod at det var snakk om ein spøk. I løpet av natta begynte likevel tvilen å melde seg: Kva om eg verkeleg måtte ta toget sju timar til Bergen aleine fordi Elvis skulle redde prinsessa si frå monstereddarkoppar?
Fem minutt før toget skulle gå, stod eg framleis på Drammen stasjon uten å vite om Elvis kom til å dukke opp, og idet toget kjørte inn på stasjonen kom eg på at Elvis hadde billettane. Tusen onde Fagermoar reiv i sjela mi, før eg brått fekk auge på ein pesande medsupporter strene inn på perrongen.
– Du skal til Bergen, likevel?
– Klart eg skal!
– Monsteredderkoppane, då?
– Haha, gjekk du på den?!
– Eh, nei.
Dei neste ti timane tenkte eg ikkje meir på monsteredderkoppane, men idet dommaren blåste i gang første omgang mellom Brann og Godset såg eg eit voldsomt kryp ta form i ramma Lars Arne Nilsen har snakka om sidan sommaren 2015. I sølvsesongen 2016 var Brann ein vegg – defensivt solide, men uten for mange eigne angrep. Den mest passande innsektsmetaforen var arbeidsmaur.
Mot Godset framstod Sportsklubben derimot som éin stor kropp med tjueto bein, eit ekkelt kryp med fart og kraft som sprett rundt på stovegolvet ditt, umuleg å fange. Idet du trur du har klart å jage beistet ut verandadøra, snur det og pilar mot deg, mellom beina dine, fram og tilbake, til du er så svimmel at du scorar sjølvmål.
Det høge presset Brann viste mot Strømsgodset – og i deler av kampen mot Tromsø – gjer det mindre nødvendig å ha den eine toppscoraren som lagar 20 mål i sesongen. Ja, held Brann fram med å tette igjen like høgt i bana, må det nødvendigvis kome mange mål – og sjølvmål. Etter 72 minutt sette Vilsvik ballen i eige mål, fordi Brann pressa han til å gjere det. Både før sjølvmålet og før 1-0-målet til Barmen, storma tidlegare scoringsvaksinerte Brann-spelarar inn i boksen og tvinga drammensarane til å gjere feil. Brann speler kanskje ikkje vakkert, men det viktige er at det er skremmande å møte eit kryp som aldri gir seg, som smett unna når du går til angrep, og som når som helst kan angripe deg. Eg veit kva eg snakkar om: Då eg kom tuslande heim frå nattoget fredag morgon stod ein inntrengar med korte bein og brun, mandelforma kropp i entréen og stira truande på meg.
Publisert 10/04/2017 av Berge.
Første dag av Hokksund-Kristiansund: Flaug til Ålesund der E&E allereie hadde sjekka inn på puben til Aalesundsupporterane. Noterer meg at dei har forstått det på Sunnmøre: Då vi ironisk klappa Bård Finne av bana i Engen-Sandefjord, ville dei vite kvifor vi var så sure på Finne, og då vi forklarte at agenten hans hadde lova […]
Første dag av Hokksund-Kristiansund: Flaug til Ålesund der E&E allereie hadde sjekka inn på puben til Aalesundsupporterane. Noterer meg at dei har forstått det på Sunnmøre: Då vi ironisk klappa Bård Finne av bana i Engen-Sandefjord, ville dei vite kvifor vi var så sure på Finne, og då vi forklarte at agenten hans hadde lova oss at det berre var éin klubb i Norge for Bård Finne, slo dei i bordet:
– Bergen ligg då for faen ikkje i Norge!
Dei har sjølvsagt rett, og vi blei einige om at Ålesund kan få bli ein del av fotballrepublikken etter revolusjonen.
Då vi gjekk til hotellet etter å ha sett Godset-AaFK, regna det så mykje og flaut det så mykje vatn i gatene at vi nesten følte oss som heime, og måtte gaule litt på Kong Oscars Gate:
Eg kan ikkje skjønne kroppen min / Det er som allting slukner / Eg kan ikkje få puste / Når eg ligger her og drukner
E det bare meg / Eller snurrer denne gaten / For alt eg tar i blir til isopor
Publisert 11/04/2017 av Berge.
Alt vi tok i blei til isopor.
Vakna til brannalarm på hotellet i Ålesund og planta beina i eit par våte sko. Brannalarm og våte sko, det må jo vere eit bra teikn, tenkte eg og tusla mot nødutgangen.
Kvelden før hadde vi trava rundt i søkkvåte sunnmørsgater og gaula refrenget til Hjerteslag-klassikaren Kong Oscars Gate: É det bare meg / Eller snurrer denne gaten / For alt eg tar i blir til isopor.
Vi følte oss nesten som heime. Dette kunne ikkje gå gale.
Brannalarmen var falsk. Det tok vi som eit godt teikn. Vi hoppa i bilen og retta snuten mot tre poeng med Knutsen og Ludvigsen på «anlegget» i Priusen: Så reiste vi til Kristiansund, helt uten grunn, til Kristiansund. Vi burde kanskje ha tatt hintet idet vi gaula desse tekstlinjene, men det gjorde vi ikkje. Tvert imot. Og då vi fekk køyre rett inn på ferja over til Molde, tok vi det som eit veldig godt signal om korleis denne kampdagen kom til å ende. Vi var i flytsona.
Framme i Kristiansund oppdaga vi at hotellet låg 10 meter fra puben vi skulle samlast på. Det tok vi som eit godt teikn. Dette må gå veien, tenkte vi, og då bror min og eg slo eit par kristiansundsupporterar i shuffleboard, var vi heilt sikre.
Kristiansund er forresten ein av få klubbar i Norge som har ein ekte pub på stadion, ikkje Dolly eller Peppes der du kan få kjøpt øl, men ein ekte pub med utsikt over bana. Det tok vi absolutt som eit godt teikn. Hyggelege var dei òg, KBK-supporterane. Det er ikkje grenser for kor mange interessante menneske du kan møte som omreisande brannsupporter. På torsdag møtte vi for eksempel eit av Jehova sine vitner som sat på bar og drakk i smug, og i går snakka vi lenge med ein kar som jobbar med å lære opp lokale arbeidarar for eit stort norsk oljefirma i Nigeria. Han kunne blant anna fortelje at kleda nordmenn sender til fattige i Nigeria, ofte ender opp som tørkefiller i oljeindustrien. Dei lokale makthavarane tener altså pengar på å selge kleda, og oljeselskapa lukkar auga og kjøper.
Denne historia tok vi som eit teikn på at kapitalismen er ein forskrudd ideologi som snarast må erstattast av eit betre alternativ.
Sportsklubben såg ut til å starte der dei slapp mot Godset: Dei framsto som kompakte og angrepsvillige. Mista Brann ballen, tok det ikkje mange sekund før ramma var etablert og Kristiansund-kontringa stoppa. Vi nikka annerkjennande. For ein sesong dette kan bli! Spesielt tok vi det som eit godt teikn at Gilli var like god og ivrig som mot Godset. For ei solid signering!
Først mot slutten av første omgang begynte den gode dagen å smuldre opp. Få av dei som syng høgast på Stadion hadde tatt turen til Kristiansund, så stemninga på bortefeltet blei etterkvart laber. Ute på bana begynte laget å irritere seg over at det gode spelet ikkje førte til mål. Spesielt sonen til faren vart etterkvart meir opptatt av å snakke med dommaren enn å slå presise passningar.
Brannspelarane verka rett og slett slitne i topplokket, og då gjer ein gjerne slik som Acosta gjorde etter 71 minutt: Kastar ein fyr i bakken inne i straffefeltet. KBK scora på straffa. Byger med hagl og kuling slo inn over stadion, og dei våte skoa våre kjendes meir og meir ut som istappar. Ved sida av meg hørte eg bror min mumlesynge nokre halvkjente tekstlinjer:
– É det bare meg, eller snurrer hele stadion? Alt vi tar i blir til ingenting.
Publisert 19/04/2017 av Berge.
Sjekkar iTunes, ryddar litt, sjekkar iTunes. Skal eigentleg skrive roman, men sjekkar i staden podcast-appen ein gang til. Kan den ha hengt seg opp? Nei. Lagar middag, sjekkar iTunes. Ryddar etter middag, sjekkar iTunes. Kor blir det av Heia Brann!-episoden om Haugesund-kampen?!
Sjekkar iTunes, ryddar litt, sjekkar iTunes. Skal eigentleg skrive roman, men sjekkar i staden podcast-appen ein gang til. Kan den ha hengt seg opp? Nei. Lagar middag, sjekkar iTunes. Ryddar etter middag, sjekkar iTunes. Kor blir det av Heia Brann!-episoden om Haugesund-kampen?!
Publisert 21/04/2017 av Berge.
Ser på terminlista. 13.-21. mai blir tøff for fleire enn Brann-spelarane: Tur til Bergen laurdag 13. (Molde) og tirsdag 16. (Sandefjord), så road trip 40 mil til Sogndalsfjøra tre dagar seinare.
Ser på terminlista. 13.-21. mai blir tøff for fleire enn Brann-spelarane: Tur til Bergen laurdag 13. (Molde) og tirsdag 16. (Sandefjord), så road trip 40 mil til Sogndalsfjøra tre dagar seinare.
Publisert 23/04/2017 av Berge.
Kampdag: Startar forsiktig på Kaffistova.
Publisert 23/04/2017 av Berge.
Oslo by har så mye de kan by på … Kom i snakk med ein VIF-kar som stod utanfor Bohemen og venta på at puben skulle opne. Eg trudde først han skulle slå meg ned fordi eg hadde Brann-skjerf og tok bildet, men då eg gjekk vidare hadde vi blitt einige om at Brann skulle […]
Publisert 23/04/2017 av Berge.
Eksilbergensarane har fått seg banner.
Eksilbergensarane har fått seg banner.
Publisert 23/04/2017 av Berge.
Bergen har inntatt Skedsmokorset på veg til Europa.
Publisert 24/04/2017 av Berge.
Det satt fem kanarifugler i et tre …
Vi hadde ikkje vore lenge på puben på Lillestrøm før stemninga var så god at vektarane tilkalla politiet. Drinkglas var blitt knust, ei blomsterpotte kvelva. Eg tenkte at ordensmakta var ute etter dei som øydela ting, men nei, det var sangane våre dei ville ha ein slutt på. Vi hadde erobra uteområdet med «Eirik Bakke, kjør over pakket, ditt ville dyr!» og «Her kommer Bergen igjen …», men dei er ikkje vant til god stemning på Lillestrøm. På søndagar skal det vere stille i fjøset.
Vi dansa inn og fortsette oppladninga. Viking scora mot Odd, og vi sang «Kor é gliset no, Fagermo?». Åsane slo Ulf 4-0, og vi sang «Se Mons Ivar, trener som en konge …». Sidemannen min prøvde seg også med «Eg ville heller vært Osama enn Tom Lund» på melodien til «Du skal få min gamle sykel når eg dør».
Og eg må berre få sagt det: Gu’ så herleg det er å berre kunne gaule på med den stemma du har, saman med hundre andre som også berre gaular på med den stemma dei har.
Mellom sangøktene snakka vi oss varme om alle dei geniale grepa til strilane på Stadion. Ja, så varme i trøya blei vi at vi nesten begynte å tru at det kunne vere muleg å slå LSK, sjølv om Arne Erlandsen trenar dei igjen, og vi alltid tapar mot Erlandsen sin knokkelfotball.
Utanfor Åråsen blei vi igjen stoppa av politiet. Denne gongen fordi «det skulle komme noen». Vi forstod straks kven «noen» måtte vere, og begynte å gaule «Erna Solberg, hon gjør så godt som hon kan … Erna Solberg é en hedersmann!». Like etter parkerte politieskorten framfor Åråsen, og ut av den svarte bilen i midten steig den raude statsministeren som straks fekk servert «Vi har Erna Solberg / Ja, vi har Erna Solberg / Vi har Erna Solberg / Vi é Brann!».
Det er liten tvil om at Brann har eit godt grep på den politiske eliten. I køen inn på stadion helste vi på Audun Lysbakken, og observerte fleire andre stortingsrepresentantar med Brann-skjerf.
Lillestrøm starta best, men det blei raskt klart at Piotr framleis var forbanna etter fair play-målet i 2012. Han skulle halde nullen. Daniel Braaten vart inspirert: Slåst, dribla og sprang frå 10 år yngre LSK-spelarar. Og vi visste det jo: Ein vakker dag ville Daniel Omoya Braaten score for Sportsklubben Brann, og dette var allereie ein vakker dag.
Braatens første Brann-mål: Lang ball fra Wormgoor, nydeleg stuss av Børven til mannen med landets mest kjente av-og-på-knapp. Bortefeltet rabla gal, og Bergen bør ha pådratt seg kronisk Braaten-feber.
Vi var knapt ferdige med å hylle Braaten då same mann serverte Gilli Rólantsson som hælflikka inn eit 2-0-mål av den typen vi umiddelbart visste at vi måtte heim og sjå igjen og igjen og igjen på YouTube. Krykker blei kasta. Vi klemte og svaia. Nokre rader nedanfor kasta folk skjortene.
– Vi er jo totalt overlegne, jubla E. ved sida av meg. – Så det er altså slik det føles å vere rosenborgsupporter …
Uovervinnelege sang vi oss ut av Åråsen – «Erna rykker ned i år, hurra, hurra!» – og då vi passerte puben på veg til toget, låg det fem kanarifuglar med beina i vêret under treet ved puben.
Publisert 27/04/2017 av Berge.
Minne: Innmarsj Brann-Viking 2016.
Minne: Innmarsj Brann-Viking 2016.
Publisert 28/04/2017 av Berge.
Når eg ligg vaken om natta og tenker på døden, hender det at eg klarar å telle meg i søvn. Eg teller verken sauer eller Brann-spelarar, berre heilt normal telling frå éin og oppover, heilt til eg glømmer det eg tenkte på, og sovnar. I natt derimot, då eg låg vaken og tenkte på at […]
Når eg ligg vaken om natta og tenker på døden, hender det at eg klarar å telle meg i søvn. Eg teller verken sauer eller Brann-spelarar, berre heilt normal telling frå éin og oppover, heilt til eg glømmer det eg tenkte på, og sovnar. I natt derimot, då eg låg vaken og tenkte på at eg ein dag ikkje skal sjå fleire Brann-kampar, oppdaga eg at Torgeir Børven har øydelagt heile metoden. Eg begynte på nytt fleire gonger, men kom aldri lenger enn til éin, to, tre – Øystese!
Publisert 29/04/2017 av Berge.
Tapte 1-1 mot Viking på Stadion etter overtidsscorig av siddisane.
Tapte 1-1 mot Viking på Stadion etter overtidsscorig av siddisane.
Publisert 29/04/2017 av Berge.
Innmarsj Brann-Viking.
Publisert 30/05/2017 av Berge.
Branndagboka testar ut korleis det er å sitte på kamp.
I februar, då eg sat og skreiv reisebrev om Thai Chi og psykoterapi i Køben, dukka det opp ei annonse i Facebook-feeden min. Overskrifta var omtrent slik: «Har du lyst på 50 000 kroner?» Svindelforsøk, tenkte eg, men så oppdaga eg at reklamen ikkje var fra Sparebank1 Nigeria: Det var Noregs Mållag som lyste ut eit stipend til folk som bruker nynorsk til noko «uvanleg», for eksempel å dokumentere livet sitt som brannsupporter. Pulsen steig. 50 000 kroner var nøyaktig det eg hadde bruk for. I familien vår er det nemleg stort sett madammen som bidrar med inntekter, medan eg passar på at vi har nok utgifter.
Typisk samtale heime hos oss:
– Eg har forresten tenkt å lage ein Brann-blogg.
– Kommer du til å tjene noe på det, da?
– Nei, men du veit jo at eg ikkje bryr meg om pengar. Kva skal vi med pengar når vi har Lars Arne Nilsen?
– Vi kunne jo for eksempel ha skifta ut den rennende dassen?
Tre månader seinare, 28. mai 2017, stod eg på kunstgraset utanfor Stadion og tok imot stipendet frå leiaren i Mållaget. BGG fyrte av eit par røykbomber, og Bataljonen som nettopp hadde tapt 6-1 for Brann sitt gatelag, stilte seg opp og sang. It was probably the best utdeling av eit nynorskstipend ever, men sjølv om eg endeleg hadde fått eit økonomisk argument for å reise på Brann-kampar, var det noko som plaga meg: Etter utdelinga måtte eg sitte med leiaren i Mållaget og sjå Brann – Aalesund.
Før eg går vidare, må eg presisere at det ikkje var å sjå kampen saman med leiaren i Mållaget som plaga meg. Magne Aasbrenn viste seg å vere ein herleg Fredrikstad-supporter som hadde gleda seg lenge til å høyre Nystemten på Stadion for første gong. Det som plaga meg var sittinga. Eg er ein svært ekspressiv supporter: Eg syng og kjeftar, gestikulerer og hoppar. Kjem Barmen aleine med keeper og skyt tre meter over mål, ristar eg gjerne sidemannen i frustrasjon. I heile mitt liv har eg berre sett to Brann-kampar sittande: Den første som tre-fireåring. Den andre på Bryne ca. ti år seinare, då pappa kjøpte billettar på feil tribune. Ellers har eg stått: I Klokkevingen, på Store Stå og Hansa. På Briskeby, Gjemselund og Goodison Park. Tanken på å plutseleg skulle sitte ned, i beste fall få lov til å klappe i takt til «Hele Stadion!», var nesten uuthaldeleg.
Brann hadde gitt oss billettar på BOB-tribunen: Felt B, heilt nede ved cornerflagget. Der sat vi omringa av ungar som var minst like opptatt av popcorn og sukkerspinn som av kampen. I det fjerne skimta vi Store Stå og Felt Z.
Det var likevel éin soleklar fordel med plassane våre: Vi fekk sjå den gode førsteomgangen til Brann på nært hald. Daniel Braaten og gjengen hælsparka og finta Aalesund ut av kampen. Etter 34 minutt var midtstoppar Ramsteijn så svimmel at han sette ballen i eige mål.
Leiaren i Mållaget var mektig imponert. Dette var noko anna enn det han vanlegvis fekk servert på Fredrikstad Stadion!
Fordi Brann spelte så bra, var behovet for å reise seg opp og instruere laget fråverande den første timen. Først etter ca. 60 minutt begynte sittesmertene å melde seg. Ute på bana blei Brann-spelarane meir og meir slitne. Vi såg det i Kristiansund, og vi fekk sjå det igjen mot AAFK: Då Brann ikkje fekk uttelling for det høge presset, begynte Sivert Heltne Nilsen å slenge med armane og kjefte på dommaren. Daniel Braaten tassa rundt og Vito Wormgoor halta. På nabosetet hadde Fredrikstad-supporteren begynt å følge med på FFK – Arendal på mobilen, og i halsen min var eit brøl i ferd med å ta form: «No må du for faen bytte, Nilsen!». Eg svelgde det ned.
Brølet heldt fram med å stange mot dei samanpressa leppene mine. Det kribla i beina, og rumpa mi var stadig på veg opp frå setet. Til slutt måtte eg berre reise meg.
– Bytte, Nilsen! Bytte!
Heldigvis var ein far nokre rader bak meg einig i bodskapen og reiste seg han òg:
– Bytte, Nilsen! Bytte!
Men Lars Arne Nilsen ville ikkje bytte. Framfor oss varma Skålevik og Orry Larsen opp. Dette var forresten ein annan fordel med BOB-tribunen: Vi hadde full oversikt over feltet der benkeslitarane prøvde å vise seg fram for LAN. Slik er det ikkje i Hansasvingen.
Vanleg samtale på Store Stå:
– Kem é det han har sendt i oppvarming?
– Skaanes.
– Det der é faen ikkje Skaanes! Skaanes har mykje lengre hår. Det må vere Azar.
– Nei, det é jo han der islendingen som var så god i Vestlandshallen i vinter.
Fra åttande rad, heilt ytterst på BOB-tribunen, ser du til og med ansiktsuttrykka til reservane. Etterkvart som den eine Brann-spelaren etter den andre halta og tassa rundt, varma Krepsen opp med stadig større intensitet framfor oss. Til ingen nytte. Aalesund angreip i bølge etter bølge, men Nilsen nekta å sleppe innpå friske bein. Det må ha vore Kong Gud sin største taktiske feil sidan han plasserte Azar på vingen mot Sogndal i OBOS.
Aalesund-dominansen måtte ende med mål til bortelaget. Ja, for oss på BOB-tribunen som såg slaget på nært hald, framstod det nærmast som eit mirakel at dei ikkje klarte å score to. Heldigvis er Eliteserien blitt ligaen ingen har lyst til å vinne. Dagen før hadde Odd spelt uavgjort mot Sandefjord, og då dommaren blåste av, klappa ein smørblid Fredrikstad-supporter meg på skuldra:
– Slapp av, Berge, Sarpsborg spelte uavgjort dei òg!
Publisert 10/05/2017 av Berge.
Historia om korleis Sportsklubben Brann skapte ein supporter ved å gjere som langarane i Nygårdsparken.
Heilt sidan eg var baby har eg vore ein fysisk liten og også på andre måtar tilbakehalden fyr, og like lenge har eg lengta etter noko anna, noko større, betre og sterkare. Ikkje i olympisk forstand. Ja, ikkje i nokon som helst forstand. Faen ta forstanden! Det eg lengta etter var hinsides forstand. Eg hugsar eg låg vaken i babysenga om natta og ville danse, hoppe, synge og ruse meg saman med andre. Men kor skulle eg få oppleve slikt?
Det sunnaste alternativet ville kanskje ha vore å bli gladkristen, men eg trudde ikkje på nokon gud. Barnetrua hadde eg mista lenge før eg vart fødd. Eg hugsar den dagen foreldra mine døypte meg: Eg skreik det eg kunne for få dei til å la vere, men dei gjorde det likevel, dei jævlane!
Lengselen fortsette dei neste åra. Dagane i barnehagen likna kvarandre, slik dagane på skulen skulle kome til å likne kvarandre, og eg lengta, lengta, lengta, etter variasjon, fest, vitalitet, energi. Hadde det kome ein new age-predikant innom barnehagen er eg sikker på at eg hadde vore den første til å slå til på tilbodet hans, men det kom ingen new age-predikant til «korttissbarnehagen» på Seim.
Så ein dag skjedde noko. Eg fann ein raud og kvit caps i kledskapet til pappa, og spurde overraska når han gjekk med caps?
– Du går no aldri med caps?
Pappa svarte at capsen var fra cupfinalen i -78.
– Cupfinalen?!
– Ja, cupfinalen … Vi var alltid på cupfinalen før vi fekk deg.
Eg var vel tre, fire år, kanskje, og innsåg for første gong det alle ein eller anna gong må innsjå: At livet til foreldra mine begynte lenge før mitt. Eller rettar sagt: Livet til foreldra mine fann i hovudsak stad før dei fekk meg. Ja, for å gni det inn: Dei hadde eit liv, og så fekk dei meg.
Etter at eg oppdaga capsen begynte eg å mase om å at vi måtte gå på Brann-kamp. Pappa sa han var heilt ute av det der, men eg insisterte. Vi skulle på kamp. Mot Kongsvinger. Eg hugsar ikkje lenger kva stillinga blei, men då eg kom inn på Stadion og vi fann plassen vår på langsida, første rad på tribunen over gamle Store Stå, var det like før eg svima av: Så mange folk! Og kva gjorde dei? Jo, dei sang, og dansa, og hoppa, og var fulle.
Dei neste åra var pappa og eg på Stadion eit par gonger i året, og eg følgde Brann sine kampar på Puddefjord Radio. Den verkelege galskapen starta likevel ikkje før på slutten av 90-talet.
To svært avgjerande ting skjedde samtidig:
1) Bergen Nordhordland Rutelag begynte å køyre Brann-buss frå Knarvik til Stadion slik at eg trygt kunne reise aleine på kamp.
2) Nokon i Brann fekk eit tips av ein heroindealer i Nygårdsparken, og begynte å dele ut gratisbillettar i Klokkesvingen til alle barn som var medlem av Brann Club.
Resten er historie, resten er avhengigheit, resten er timar på tog, buss, fly og båt kvar helg frå mars til november. Historisk er ikkje Brann-administrasjonen kjende for å vere strategiske geni, men å tilby første dose gratis, fungerte utmerka. Ikkje berre har eg partoutkort på Stadion, pappa og mamma vart også hekta igjen. Etter at Brann slepte meg inn i Klokkesvingen nokre sesongar på slutten av 90-talet, har Sportsklubben tent fleire hundretusen på å selgje sesongkort, kalde pølser og sur kaffi til familien min.
Publisert 28/02/2017 av Berge.
Tid for rekneskap: Brann gjekk med 3,7 millionar kroner i overskot i 2016 takka vere gåver frå Trond Mohn. Eg gjekk 10000 i minus takka vere Brann. http://www.brann.no/nyheter/leverer-3-7-millioner-i-overskudd
Tid for rekneskap: Brann gjekk med 3,7 millionar kroner i overskot i 2016 takka vere gåver frå Trond Mohn. Eg gjekk 10000 i minus takka vere Brann.
http://www.brann.no/nyheter/leverer-3-7-millioner-i-overskudd
Publisert 18/02/2017 av Berge.
Eit forsøk på å forklare ka det går i.
Branndagboka.no dokumenterer livet som supporter av Sportsklubben Brann. Kall det ein blogg, ein logg, eller “virkelighetslitteratur”.
Den rent materielle utførelsen består vesentlig i en projeksjon av virkeligheten, i en skjev og oppvarmet atmosfære, på et uregelmessig bølget referanseplan med forvridninger.Boris Vian, Dagenes skum
Kjapt omformulert: Alt som står her er sant, men det var ikkje nødvendigvis akkurat slik det skjedde.
Eg som skriv dette (Atle Berge, f. 1986) bur i Hokksund. I tolv år har eg pendla med tog over fjellet til heimekampane på Stadion. Branndagboka dokumenterer derfor også livet på vegen/skinnene/i menyvogna til NSB.
Ved sida av å vere brannsupporter, prøver eg forresten hardt å vere forfattar. Bøkene mine kan du lese meir om her.